Det er ledig fast stilling som LIS2 i generell kirurgi ved Kirurgisk avdeling, Førde sentralsjukehus.
Kirurgisk avdeling ved FSS er ei aktiv avdeling med følgjande spesialitetar: Urologi, gastroenterologisk kirurgi, generell kirurgi, plastikkirurgi, bryst- og thyreoideakirurgi.
Det 3 stillingar for urolog, 4 for gastrokirurg/mamma- og thyreoideakirurg og ein plastikkirurg. Det er 7 stillingar for LIS2/3 med 7-delt tilstadesvakt bak LIS1 med overlege i tertiærvakt.
Avdelinga har godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom alle legar både over- og underordna og med pleiepersonalet. Kirurgisk sengepost har 34 senger.
Avdelingssjef er næraste overordna
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.