Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Er du lege med interesse for prehospital medisin og helseteknologi? Vil du vere med å utvikle framtidas helsetilbod for sjøfolk? Vi styrker laget og lyser med dette ut inntil tre stillingar (100%) som lege/overlege ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, i skjeringspunktet mellom individretta helsearbeid og helse i eit samfunnsperspektiv.

Sjøfolk lever kortare og er oftare sjuke enn arbeidstakarar på land. Sjøfolk har høgare risiko for å skade seg på arbeidsplassen og lågare tilgang til helsehjelp. Dette kan du vere med på å gjere noko med - gjennom telemedisin, seleksjonsmedisin, undervisning, innovasjon og forsking. Velkommen til ein spanande og annleis legekvardag hos oss!

Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er eit nasjonalt kompetansesenter ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, med formål om å fremje helsa til sjøfolk, fiskarar og dykkarar. Våre aktiviteter inkluderer den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medicoseleksjonsmedisinske utgreiingar, undervisning , rådgjeving, regelverksarbeid, forsking og fleire innovasjonsprosjekt. Vi jobbar tett med mellom anna Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret, Redningstenesta, Kystverket og Universitetet i Bergen, og med fleire offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa. Senteret har eit sterkt fagmiljø innan seleksjonsmedisin, med fleire forskingsprosjekt og leier Fagnemnda for helsesaker i Sjøfartsdirektoratet.

Besøk gjerne nettsidene våre for meir informasjon (www.nsmdm.no).

Arbeidsoppgåver

  • Telemedisinsk vaktteneste – Radio Medico, telefonlegevakta for sjøfolk
  • Saksutgreiing – fagnemnda for helsesaker
  • Deltaking i innovasjons- og kvalitetsprosjekt
  • Undervisning/formidling – kurs og konferansar
  • Anna aktivitet – aktivt bidra med eigne erfaringar og kompetanse til å løyse senterets oppdrag
     

Arbeidsoppgåver vil kunne bli endra over tid, tilpassa senteret si utvikling/behov og samansetting av kompetanse i personellgruppa. Det er stort rom for personleg fagleg utvikling i stillinga, og det vil kunne leggast til rette for forsking på sikt.

Kvalifikasjonar

  • Lege med klinisk erfaring, gjerne variert
  • Interesse for maritim sektor
  • Interesse for innovasjon og teknologi
  • Interesse for forsking og formidling
  • Norsk autorisasjon
  • Evne til å uttrykke seg munnleg og skriftleg på både norsk og engelsk


Det vil telje positivt med:

  • Erfaring frå arbeid som sjømannslege eller petroleumslege
  • Erfaring frå helsetenester i kyst-/fiskerisamfunn
  • Erfaring frå bedriftshelseteneste offshore eller i eit reiarlag 

Personlege eigenskapar

  • Arbeider systematisk og resultatorientert
  • Er ansvarsbevisst og har evne til gjennomføring
  • Er fleksibel og har fokus på løysingar

Vi tilbyr

  • Eit sjeldant høve til nybrottsarbeid i eit spanande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Tilrettelegging  for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter gjeldande avtalar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Jon Magnus Haga
Tittel: Seksjonsleiar lege
Telefon: 90823355
E-post: jon.magnus.haga@hesle-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling/ Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, Helse Bergen
Jonas Lies vei 79
5053 Bergen