Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen; Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er lokalisert i eit flott og moderne bygg på Danmarksplass. Vi har to store allmennpoliklinikkar og det er poliklinikk 1 som no søker overlege. Poliklinikken har for tida fem overlegar, og vi ønsker å styrke poliklinikken med ei overlegestilling til.
Poliklinikken har tre allmennteam, og har i tillegg etablert eit spissa team for spiseforstyrringar og eit for nevroutviklingsforstyrringar. Dette gjev gode vilkår for ein variert og interessant arbeidskvardag. Vi vil strekke oss langt for å legge til rette for søkaranes interesser og behov, innanfor den ramma vi har.
Poliklinikkane tar imot tilvisingar frå fastlegar, legevakta, sjukehuset og private spesialistar. Vi samarbeider med andre delar av Kronstad DPS, som ambulant akutteam, seksjon for gruppebehandling og sengepostane ved DPSet. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima, eit godt arbeidsmljø og brei kompetanse innan ei rekke behandlingsformer. Poliklinikkane har felles internundervising og det er faste legemøte kvar veke.
Det foregår mykje spennande utviklingsarbeid ved Kronstad DPS og aktuelle søkarar vil kunne delta i dette.
Vi søker etter ein engasjert og positiv fagperson med interesse for poliklinisk arbeid, i eit stort fagmiljø med fleire overlegar og mange trivelege kollegaer!
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.