Kort om arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Legetenesta
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.
Heimlane er knytta til Førde legesenter kor det i dag jobbar 16 fastlegar. Det er 11 årsverk hjelpepersonell på legesenteret. Ein må rekne med inntil 7,5 timar kommunalt arbeid per veke og vi kan legge til rette for ei større kommunal bistilling om ein ynskjer dette.
Vi kan tilby svært gunstige ALIS avtalar, både sjølvstendig næringsdrivande og fastløn (hybrid med incentiv). Dei fleste av våre legar som er spesialistar i allmennmedisin jobbar som sjølvstendig næringsdrivande med 0-avtale, men vi kan og tilby fastlønsavtale. Det er ingen kostnader knytt til oppstart i heimlane i Sunnfjord kommune. Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar Pasientsky som journalsystem på legesenteret i Førde.
Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet og det er til ei kvar tid to legar til stades på vakt. Begge er fastløna med gode vilkår i 22-delt vakt.
Vi har ledig:
- fastlegeheimelen er ledig frå 1. september 2023. Det er per no 700 pasientar på denne lista
- fastlegeheimelen er ledig frå 1. mars 2024. Det er per no 900 pasientar på denne lista
- fastlegeheimelen er ledig frå 1. mai 2024. Det er per no 900 pasientar på denne lista
- fastlegeheimelen (vikariat i 12 mnd) er ledig frå 1. januar 2024. Det er per no 900 pasientar på denne lista
Krav til stillinga:
- spesialist i allmenn medisin. Dersom du ikkje har spesialisering må du starte på spesialiseringa ved tilsetting
- personlege eigna til stillinga
- gode samarbeidsevner
- kommuniserar og skriv godt norsk
- godkjent politiattest
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!