Kort om arbeidsgiver
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Vi har ledig fastlegeheimel på Nordfjordeid i Stad kommune.
Kommunen har to legekontor og tolv fastlegeheimlar samt ei stilling for Lis1. Begge kontora er drifta av kommunen og det er ikkje knytt kostnadar til oppstart i heimelen (goodwill)
Eid legekontor har eit godt fagmiljø der 3 av legane våre er spesialistar i allmennmedisin og dei andre 6 legane har ALIS avtale. Alderssamansettinga er mellom 30 til 60 år og listestorleik på fastlegelistene ligger mellom 700 - 900. ALIS legane våre har 700 pasientar på sine lister.
Legekontoret er godt utstyrt med mellom anna spirometri, EKG, 24-t BT, akuttrom/sårskifterom og legevaktbil. Fastlegane har gruppepraksis og er sjølvstendig næringsdrivande. Alle har forsterka 8.2 avtale. dvs at kommunen held lokale, utstyr og hjelpepersonell i byte mot basistilskotet og legane er gjennom avtalen sikra økonomisk kompensasjon ved fråvær grunna eigen eller barns sjukdom, kurs ol.
Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og offentlege arbeidsoppgåver. Den kommunale daglegevakta frå kl 08:00 - 16:00 måndag til fredag fordelast mellom dei 10 legane ved kontoret. Legevakt på kveld, natt og helg er ved interkommunal legevakt lokalisert på Nordfjord sjukehus. Vaktbelastninga her er omlag 3 vakter per månad med vaktlengde på maksimalt 9 timar. Legane får fastløn for alle timane på interkommunallegevakt og legevakta er alltid bemanna med 2 sjukepleiarar. Samlokalisert med legevakta er 5 kommunale ØHD sengeplassar.