Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Det er ledig 2 faste 100 % - stillingar for spesialist i vaksenpsykiatri.

Klinikk for psykisk helse og rus består av 5 avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse og Seksjon for ambulante tenester DPS Molde, ligg under Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter — DPS Nordmøre og Romsdal.   
Poliklinikken er delt i fleire ulike team: To allmennteam, Gruppeteam, ROP team, fylkesdekkande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit 4 - dagars team (B4DT), Ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team.
Poliklinikken har 50 fagstillingar; overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, psykologar,  LIS 3, spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.
Allmennteama er breitt sammensett av omsyn til utdanning og fagleg orientering. Etter tilvising frå primærhelsetenesta gir teama tilbod om utgreiing og behandling av personar over 18 år. Det vil vere opning for å kunne fordjupe seg i utvalde fagområde knytta til ulike pasientgrupper.          

Geografisk ligg vi midt i smørauget i Norge. Molde er rosenes og jazzens by og eit eldorado når det gjelder alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Byen har mange kulturelle tilbod, bla. teater og jazzklubb. Molde by fornyar seg med bla. ny sjøfront og fleire spennande kafe` og spisestadar.
For meir informasjon om Molde: https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/molde/

Arbeidsoppgåver

  • Avklaring, utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar.
  • Deltaking i tverrfaglege teammøte
  • Samhandling med kommunale tenester og samarbeid med andre seksjonar i klinikken
  • Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta, og til legar i spesialisering
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter spesialist i psykiatri. LIS 3 som er langt i løpet kan og søke. Det vil bli tilrettelagt for å fullføre spesialitet
  • Det er ønskeleg med brei klinisk erfaring
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
  • Ein vil legge vekt på gode personlege eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
  • Den som blir tilsett må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige lønsvilkår etter gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit solid fag-og forskningsmiljø med fleire doktorgradsprosjekt, tilsette med PhD og andre fagutviklingsprosjekt
  • Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar
  • Internundervisning og kompetansegrupper
  • Eit godt kollegialt miljø og etablert rettleiingsordning/-tilbod for overlegane, både i gruppe og individuelt
  • Utvikling av terapikompetanse med bla. tilrettelegging av terapiutdanningar
  • Mogleg å delta i gruppebehandling
  • Drive eigne terapiforløp
  • Låg vaktbelastning
  • Stor grad av sjølvstendigheit
  • Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar
  • Moglegheit for tenestebustad (rimeleg) for ein periode
  • Ferie stort sett etter behov
  • Moglegheit for deltaking på relevante kurs og konferansar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Tonje Sæter
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 47626009
E-post: Tonje.Seter@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
POLIKLINIKK PSYKISK HELSE DPS MOLDE, Helse Møre og Romsdal HF
Nøysomhetsveien 12
6416 Molde
Søk på stillingen