Søkjer du ein enklare kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?
Velkomen til Voss!
Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter ny legekollega. Her møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium som alle har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen. I overgangen frå tidlegare ordning med faste vikarar er me framleis i ein spanande prosess med å forma vår eigen avdeling og arbeidskvardag.
Vi har ledig eit vikariat for spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar frå 01.09.23 til 31.08.24, eller etter avtale med avdelingsoverlege.
Vi søkjer deg som har brei erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 5-delt med heimevakt på kveld og natt.
Det blir født kring 450 born på Voss i år. Og ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, har vi gjennomført kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar, der vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stor fokus på faglig utvikling og vi ventar at du har det samme.
Vi samabeidar tett med Kvinneklinikken på Haukeland.
Generelt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi.
Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset, og ein flott golfbane. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.