Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Kort om arbeidsgiver
 
Omtale av arbeidsstaden
Det er ledig nyoppretta fastlegestilling med fastlønn. Ved interesse frå søkjar med ønske om privat legedrift, opnar vi
opp for å kunne leige seg inn som sjølvstendig næringsdrivande ved kontoret.
Listelengde på ca. 800 pasientar, der 600 vil vere ordinære listepasientar, i tillegg til 200 plasser med særleg ansvar for
oppfølging av flyktningar til kommunen.
 
Gvarv legesenter er eitt av 2 legesenter i kommunen, og skal ha 6 legeheimlar og 1 LIS 1 lege. Legesenteret har dyktige og erfarne helsesekretærar.
Ein har her moglegheit for å vere med i ein spanande prosess med utvikling av fastlegetenesta i kommunen, saman med engasjerte fastlegar og LIS 1. Gvarv legesenter har rett før sommaren 2022 flytta inn i nye og moderne lokale langsmed elva som munnar ut i Norsjø, som ligg tett ved. Alle heimlar/stillingar er besett, med ei blanding av
spesialister og ikkje-spesialistar (ALIS). Vi ynskjer med den nye stillinga å tenkje nytt, ved at legen i større grad har eit særleg ansvar for oppfølging av flyktningar til kommunen. Dette er særleg aktuelt no, og om dette endrar seg, vil pasientlista auke til ca 800, som hos kollegaer elles i kommunen.
Gvarv legesenter er kommunalt drifta. Ved Legesenter ynskjer vi å være framtidsretta, og video -og e-konsultasjonar vil vere eit satsingsområde.
Vi ynskjer å utvikle tenesta. Bl.a. jobbar vi med å sjå på ulike modellar for oppgåvefordeling, for å skape meir tid og kapasitet til det medisinskfaglege.
Det blir lagt til rette for spesialisering i allmennmedisin (ALIS) og for kurs og vidareutdanning for å oppretthalde spesialiteten.
 
Arbeidsoppgåver
Allmennpraksis etter gjeldande avtaleverk. 
Deltaking i kommunens legevakt, som er eit interkommunalt samarbeid mellom Midt-Telemark, Notodden og Hjartdal, med bemanna legevaktsentral på Notodden. Det er gode rammevilkår med fastlønn, og gode lokale ved legevakta.
Ved inngåing av privat avtale om fastlegeheimel med kommunen, vil den som mottek stillinga også forplikte seg til offentleg legearbeid i inntil 7,5 timar per veke etter behov. Det er tilsett fast tilsynslege ved våre to sjukeheimar.
 
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Det er ynskjeleg med søkjar som
er spesialist i allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin.
God evne til bruk av norsk skriftleg og munnleg.
Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein fordel. 
Ved tildeling av heimel, vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.
Søkjarane må ha førerkort kl B, og kunne stille bil til disposisjon.
 
Særskilt for stillinga
I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.
Løn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår (tilplikting inntil 7,5t. pr. veke) etter gjeldande lov og avtaleverk, for legar som evt. leiger seg inn for sjølvstendig drift.
 
Lønn i kommunal stilling
 Du vil få tilbod om gode løns –og arbeidsvillkår som tilsett i legeheimel med fastløn. I tillegg får du:
* Behalde 25% av Helfo-refusjon
* Ei ekstra friveke i året. (kan ikkje overførast til neste år).
*Moglegheit for ein administrativ dag i veka, med innteksførande aktivitet.
 
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli
offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjara som
har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
 
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
 
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
  
Kontaktperson
Jørund Verpe, einingsleiar, mobil: 90635444
Kristin Sekse, kommuneoverlege, mobil: 40913939
Ruth Hogstad-Erikstein, fastlege og tillitsvald, mobil: 95946207
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Arbeidssted
Gvarv legesenter
Gvarvgata 69
3810 GVARV
Søk på stillingen