Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Har du lyst til å vere med i vårt team? Vi har nå ledig 100 % fast stilling som gastrokirurg/generell kirurg. Arbeidstidsordning etter individuell avtale.
Odda Sjukehus er eit lokalt sjukehus for Indre Hardanger omegn og dekkjer eit befolkningsgrunnlag på rundt 11000.
Odda Sjukehus har medisinsk- og kirurgisk akuttberedskap.
Vi har eit godt tilbod til pasientar med akuttmedisinske tilstandar. Stabilisering av skadde pasientar før overflytting til større sjukehus.
Odda Sjukehus har akuttmottak, operasjon, anestesi, overvåking og sengepostar. Alle typar pasientar blir tatt imot og vurdert for vidare behandling.
Vi har godt etablert kirurgisk og medisinsk poliklinikk, dagbehandling, dagkirurgi, røntgen og laboratoriet støttefunksjon.
Vi har eit høgt tverrfagleg nivå. Vi har fast tilsette overlegar innan medisin, kirurgi og anestesi.
Velkommen til Odda!
Les meir om vakre Hardanger på hardangerfjord.com https://www.hardangerfjord.com/odda
Arbeidsoppgåver
- Legearbeid på operasjon, sengepost, poliklinikk, dagkirurgi og overvakingsseksjon
- Den som tilsettes må inngå i avdelingens gjeldende vaktordning
- Supervisjon og vegleiing av LIS 1
Kvalifikasjonar
- Norsk dokumentert autorisasjon som lege
- Spesialistgodkjenning i gastrokirurgi og/eller generellkirurgi
- Beherske eit skandinavisk språk skriftlig og muntlig
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Strukturert og ansvarsbevisst
- Ha gjennomføringskraft
- Interesse for forbetringsarbeid
- Personleg eignetheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø som har fokus på kvalitet og utdanning
- Lønn og arbeidsvilkår ihht gjeldende overeinkomst og arbeidsreglement - mulighet for individuell arbeidstidsordning.
- Gode pensjonsordninger i offentlig pensjonsordning
- Ein arbeidsplass som er inkluderende arbeidslivbedrift (IA)
- Sykehuset er behjelpelig med å skaffe bolig
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.