Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Har du lyst til å vere med i vårt team? Vi har nå ledig 100 % fast stilling som anestesilege. Arbeidstidsordning etter individuell avtale.
Odda Sjukehus er eit lokalt sjukehus for Indre Hardanger omegn og dekkjer eit befolkningsgrunnlag på rundt 11000.
Odda Sjukehus har medisinsk- og kirurgisk akuttberedskap.
Vi har eit godt tilbod til pasientar med akuttmedisinske tilstandar. Stabilisering av skadde pasientar før overflytting til større sjukehus.
Odda Sjukehus har akuttmottak, operasjon, anestesi, overvåking og sengepostar. Alle typar pasientar blir tatt imot og vurdert for vidare behandling.
Vi har godt etablert kirurgisk og medisinsk poliklinikk, dagbehandling, dagkirurgi, røntgen og laboratoriet støttefunksjon.
Vi har eit høgt tverrfagleg nivå. Vi har fast tilsette overlegar innan medisin, kirurgi og anestesi.
Velkommen til Odda!
Les meir om vakre Hardanger på hardangerfjord.com https://www.hardangerfjord.com/odda
Arbeidsoppgåver
- Variert anestesiologisk arbeid knytt til elektiv virksomhet og øyeblikkelig hjelp.
- Vi fordeler operasjonsprogrammet vårt på 3 operasjonsstover.
- Anestesioverlegane våre går i vaktordning.
- Mottak av pasientar i anestesi poliklinikk dagen før operasjon og vurdering av henvisningar av pasientar som skal til operasjon.
Kvalifikasjonar
- Allsidige arbeidsoppgåver knytt til akutt og elektiv verksemd
- Supervisjon/vegleiing og undervisning av LIS 1, medisinstudentar og andre profesjonar
Personlege eigenskapar
- Gode evne til kommunikasjon
- Gode evne til både samarbeid og sjølvstendig jobbing
- Faglig interesse og engasjement for spesialiteten
- Strukturert
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Personlig eigna, herunder ansvarsfølelse, gode samarbeidsevner og pasientomsorg, vil bli vektlagt.
- Stor arbeidskapasitet.
Vi tilbyr
- Lønn etter samsvar med gjeldande overeinskomst Totallønn i henhold til individuell avtale
- Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar tid framgår av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
- Gode arbeidstidsordningar
- Vi vektlegg bruk av informasjonsteknologi og vi bruker talegjenkjenning
- Gode velferdstilbod for tilsette, f.eks. hytteutleige
- Moglegheit for hjelp til bustad
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.