Kort om arbeidsgiver
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Saman med kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda utgjer vi 50.000 innbyggjarar. Arbeidsmarknaden er stor og variert, der dei maritime næringane har lange tradisjonar. Regionen har også anna industri og offentlege arbeidsplassar som sjukehus og høgskular. Herøy kommune, med sine knapt 9000 innbyggarar, er særleg kjend for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Med kort veg til fjell og fjøre, gjev dette eit naturleg grunnlag for aktivitetar både på sjø og land. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Vi søkjer etter kommuneoverlege som vil vere med på å vidareutvikle kommuneoverlegefunksjonen i Herøy kommune. Stillingsstorleik er i utgangspunktet 60-100 %, men anna stillingsprosent kan avtalast.
Det er oppretta eiga stilling som avdelingsleiar for legetenesta som m.a. har personal- og budsjettansvar. Som kommuneoverlege vil du få eit tett samarbeid med avdelingsleiaren.
Om du ønsker det, vil du kunne kombinere stillinga med til dømes sjukeheimslegestilling eller fastlegeheimel.
Legetensta har ei svært positiv utvikling og har sidan 2021 rekruttert sju fastlegar. Frå 1. mars 2024 er det faste fastlegar i alle fastlegeheimlane.
Vi jobbar strukturert etter handlingsprogrammet i plan for legetenesta, finn du her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf.
Kommunen har to kommunalt drivne legesenter: Myrvåg legesenter i indre Herøy, og Herøy legesenter i ytre Herøy. Det er i tillegg ein solopraksis i ytre Herøy, Fosnavåg helsehus. Totalt 11 heimlar. Det er LIS1-stillingar ved begge legesentera, og kommunen tilbyr ALIS-avtalar til legar som ønskjer det. Det er oppretta 130 prosent stillingsressurs for sjukeheimslege der store delar av stillinga i dag er dekt opp av vikar.
Kommunen har vertskommunesamarbeid med Søre Sunnmøre legevakt, som omfattar legevakt på natt, kveld og helg. Volda kommune er vertskommune.