Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig:

  • Fast stilling LIS3 100%
  • Vikariat LIS3 100% stilling 01.09.23 - 31.08.24.

Det er normert 8 stillingar, for tida fordelt på 5 overlegar og 3 LIS.
Føden har ca 500 fødslar i året, lav- til moderat-risiko fødslar. Vi opererer ikkje kreft, men ellers tek vi oss av alle vanlege tilstandar innan det gynekologiske området. Det er 5-delt vakt, med heimevakt om natta. Både seksjonen og sjukehuset elles, har godt arbeidsmiljø, er veldrive og godt utstyrt. Vi har barnelege, men inga barneavdeling.

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan by på av fjell og fjord. Her kan du oppleve dei ville og vakre sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Her er også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://www.google.com/search?q=visit+volda

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godt norsk/skandinaviske språk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjement
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Idunn Myklebust
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 70058200
Hjemmeside
Arbeidssted
Klinikk Volda sjukehus - Føde og gynekologisk seksjon
Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Søk på stillingen