Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus søker lege i spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Kvinneklinikken.
Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Avdelinga har fem seksjonar; fødeseksjon, seksjon for generell gynekologi, seksjon for fostermedisin og ultralyd, seksjon for gynekologisk kreft og for assistert befrukting. Avdelinga har omkring 50 tilsette legar. Sju av legane har også Universitetsstilling, to i hovudstilling. Det er stor vitskapeleg aktivitet ved avdelinga og alle legar deltar i klinisk undervisning. Avdelinga har 4700 fødslar kvart år, og det er stor aktivitet på alle seksjonar.
Avdelinga tilbyr alle læringsaktivitetar som inngår i spesialistutdanninga i Fødselshjelp og kvinnesjukdommar, i utdanningsmodell som starta mars 2019. Det er tillagt vakt til stillinga. Vi ønsker spesielt søkarar med noko erfaring innafor faget. Forskingserfaring vil også bli tillagt betydning.
Avdelinga står framfor ei spennende haust, hvor vi mellom anna skal flytte til Glassblokkane. Slikt skjer ikkje ofte i helsevesenets historie.
Vikariatet er ledig i 6 månader med mogleg forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.