Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Hareid kommune har ledig nyoppretta fastlegeheimel/kommunal fastlegestilling ved Hareid legesenter AS. Seks legar og ein LIS1-lege ventar spent på ein ny kollega.

Kommunen er medeigar i Hareid legesenter AS, og det er inngått avtalar med gode økonomiske vilkår. Legesenteret flytta i 2021 inn i vårt nye helsehus, der vi har topp moderne lokale og utstyr for fastlegearbeid, legevakt, oppdatert akuttmedisinsk utstyr og eigen ny legevaktbil. Det er eit godt samarbeid på legesenteret, og god kontakt mellom legar, NAV og dei kommunale helse- og omsorgstenestene.
Ved sidan av fastlegearbeid har vi eiga legevakt på dagtid som alle deltek i. På kveld og helg har vi ei godt fungerande legevakt saman med Ulstein kommune. Legevakt på natt er felles for heile søre Sunnmøre, og er lokalisert til Hovdebygda i Ørsta kommune (35 minutt). Ein kveld i månaden er det felles smågruppemøte for Hareid og Ulstein legesenter.

Hareid kommune kan tilby næringsdriftsavtale eller fast tilsetting med gunstige vilkår. To legene på legesenteret er i dag fast tilsette, og fire er næringsdrivande. Listestorleiken avklarar vi etter nærare avtale. 

Kvalifikasjonar
  • norsk autorisasjon som lege
  • gjennomført LIS1 teneste i Noreg
  • Hareid kommune er registrert utdanningsverksemd, og vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin med tilbod om ALIS-avtale
  • erfaring frå allmennmedisin
  • gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer. Vi legg vekt på at du er godt skikka til jobben. 

Vi tilbyr
  • gode ordningar til legesenteret og trygge økonomiske forhold
  • legar under spesialisering får 0-avtale
  • god kollegial fellesskap
  • personleg og fagleg utvikling
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål, eller om du er nyfiken. Du er også velkomen til ei omvising, eller for å ta ein prat før du søkjer. 
 

Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.  
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Hareid kommune
Kontaktpersoner
Navn: Ottar Røyset
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 97 79 73 73
E-post: ottar.royset@hareid.kommune.no
Navn: Trude Kristin Dalen
Tittel: Personalleiar
Telefon: 90 64 99 44
E-post: trude.k.dalen@hareid.kommune.no
Arbeidssted
Hareid legesenter
Kjøpmannsgata 16
6060 HAREID
Søk på stillingen