Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Sykkylven kommune søkjer ein engasjert og målretta kommuneoverlege i 50 % stilling kombinert med stilling som fastlege, til saman 100 % stilling.
Alternativ kan vere ei rein 50 % kommuneoverlegestilling.

Stillinga er f.t. organisatorisk plassert direkte under kommunedirektør og er ledig frå 01.06.2023. Vi er i ei spanande tid for utvikling av kommunen og søkjer ein engasjert kommuneoverlege som aktivt deltek i samskaping på tvers av sektorar og i dialog med politikarar og innbyggjarar i utvikling av berekraftige tenester.

Som kommuneoverlege skal du gi samfunnsmedisinske råd i folkehelsearbeidet. Du vil blant anna delta i planarbeidet til kommunen og ivareta oppgåver som miljø retta helsevern, smittevern og helseberedskap, og du er kommunen sin medisinsk-faglege rådgjevar.

Til kommunelegestillinga er det i dag ikkje knytt andre oppgåver enn at det kan vere aktuelt med rettleiaroppgåver og/eller supervisjon til LIS1 lege og ALIS – legar.
Som fastlege kan du velje mellom kommunal tilsetting med fastløn og omsetningslønn, og det er mogleg å velje næringsdrift der vi kan tilby 0-avtale.

Legesenteret er kommunalt drifta og har i dag 8 legar, 1 LIS1, sjukepleiarar og anna hjelpepersonell. Det er interkommunal legevakt med Stranda kommune og fast tilsette legevaktslegar gir svært låg vaktbelastning for fastlegane. Legesenteret har både kommunalt tilsette og næringsdrivande fastlegar (8-2 modellen).

Vi vil legge vekt på at du er personleg godt eigna til jobben.

I Sykkylven kommune vil du møte engasjerte kollegaer som arbeider i eit godt miljø. Arbeidsoppgåvene er varierte og interessante.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir lagt ved den elektroniske søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Arbeidsoppgåver
Du vil kunne påverke innhaldet i stillinga i stor grad. Følgjande oppgåver vil vere sentrale som kommuneoverlege
  • gi samfunnsmedisinske råd og bidra til tenesteutvikling i folkehelsearbeidet
  • medisinsk-fagleg rådgjevar
  • strategisk prioritering, fag- og kvalitetsutvikling
  • delta i planarbeidet til kommunen
  • ivareta oppgåver som miljø-retta helsevern, smittevern og helseberedskap
  • andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
  • vi set krav om at du har norsk autorisasjon som lege, er spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller godkjent allmennlege
  • du meistrar flytande norsk både skriftleg og munnleg
  • generell kunnskap om offentleg forvaltning
  • det kan vere ein fordel om du har erfaring innanfor arbeidsområdet
  • godkjend politiattest av ny dato

Personlege eigenskapar
  • interesse og engasjement for samfunns-medisin
  • evne til å tenkje heilskapleg, førebyggande og tverrfagleg
  • gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • fleksibel og oppteken av endrings- og utviklingsarbeid
  • god arbeidskapasitet og fleksibilitet
  • gode norsk kunnskapar, god munnleg og skrifteleg framstillingsevne

Vi tilbyr
  • varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • løn og arbeidsvilkår etter nærare avtale
  • tilrettelegging for spesialisering
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Kontaktperson
Navn: Ragnhild Hanken Skjong
Tittel: kommunalsjef
Telefon: +47 99738686
E-post: ragnhild.skjong@sykkylven.kommune.no
Arbeidssted
Sykkylven rådhus
Kyrkjevegen 62
6230 SYKKYLVEN
Søk på stillingen