Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Innan nevrologi har vi 8 overlegestillingar og 8 stillingar for LIS. Nevrologi er organisert som ein eigen eining i Medisinsk klinikk. Eininga har poliklinikk (generell og spesialpoliklinikk for MS, epilepsi, parkinson, hjerneslag, ALS/Huntington/nevro-onkologi, botox), nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 8 senger til generell nevrologi og 6 til slagpasientar.
Nevrologi er et fag i stadig utvikling, med nye og økende behandlingsmuligheter. Som LIS nevrologi vil du møte pasienter i alle aldersgruppe med masse spennende sykdommer og tverrfaglige utfordringer. Samarbeid med andre faggrupper som terapeutene og logoped er viktig. Vi gir god opplæring før du begynner med vakt.
Vi vil kontakte aktuelle søkere fortløpende.
Arbeidsoppgåver
- Sengepostarbeid sammen med overlege
- Etterhvert mulighet for poliklinisk arbeid
- Deltaking i tverrfaglig samarbeid
- Mulighet for deltaking på botoxbehandling
- Spinalpunksjon
- Det er for tida 8-delt tilstedevakt i seksjonen.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med fullført turnustjeneste eller snart ferdig
- Det er ein fordel om søkjaren har arbeidd på norsk sjukehus
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein entusiastisk lege som ønskjer å bli nevrolog
- Gode sosiale eigenskaper er viktig
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Grundig opplæring i prosedyrer og vaktoppgaver
- Fast veiledning
- Kvar 8.veke avspasering
- Det er avsett tid i arbeidsplanen til fordjuping 1 dag anna kvar veke
- Aktivt og triveleg internasjonalt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.