Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Klinikk for diagnostikk - Avdeling for radiologi Ålesund og Volda - Radiologi Ålesund
Ålesund sjukehus ligg ved fjorden, med flott utsikt til Sunnmørsalpane, og kort veg til både natur og byliv. Ålesund sjukehus er det mest differensierte sjukehuset i Helse Møre og Romsdal HF.
Avdeling for radiologi Ålesund og Volda - Radiologi Ålesund har 13 overlegar og 8 LIS, med eit ungt og engasjert kollegium. Radiologi Ålesund har totalt 97 ansatte.
Maskinparken består av 2 MR, 2 CT, 3 ultralyd, konvensjonell radiologi inkl. intervensjonsradiologi, brystdiagnostikk, samt nukleærmedisin med SPECT/CT og PET/CT. Både avdelinga, og sjukehuset ellers, har eit inkluderande og aktivt LIS-miljø
Radiologi Ålesund har ledig fast stilling for lege i spesialisering. Oppstart etter nærare avtale med avdelingssjef.
Ved ev. intern tilsetting, kan vikariat bli ledig.
Vi ber om at attestar/tjenestebevis frå evt tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- 8-delt tilstadesvakt, med overlege i bakvakt.
- Den som blir tilsett skal følgje program for å oppnå læringsmål som fører fram til spesialisering i radiologi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnusteneste etter gammal ordning.
- Tidlegare teneste ved radiologisk avdeling og forskningskompetanse vil bli vektlagt
- Gode norskkunnskapar, for muntleg og skriftleg kommunikasjon.
Personlege eigenskapar
- Vere arbeids- og lærevillig
- Kunne medvirke til eit godt arbeidsmiljø
- Kunne trivast med teamarbeid
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Og på fritida:
Ålesund, med den kjende jugend-arkitekturen, er kåra til den vakraste byen i Norge. Byen og omlandet byr og på eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. I tillegg kan naturen som omgir byen og området rundt nyttas til mange ulike former for sport, friluftsliv og rekreasjon, både sommar og vinter.
Sjå meir om Ålesund og området rundt her: https://www.fjordnorway.com/en/destinations