Kort om arbeidsgiver
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Ortopedisk avdeling, Førde sentralsjukehus har ledig stilling for LIS3 :
- 100% vikariat frå 01.09.2023 - 31.08.2024
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde, Sunnfjord kommune. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, trening på treningsssenter, forskjellige idrettar eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjengeleg like i nærleiken. Les meir om Sunnfjord kommune og kva vi kan tilby deg i regionen vår.
Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid.
Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus.
Ved Lærdal sjukehus føregår det i all hovudsak elektiv ortopedi. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk.
Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande område:
- Traumatologi
- Handkirurgi
- Skulderkirurgi
- Protesekirurgi – hofte, kne, skulder
- Fot / ankel kirurgi
- Ryggkirurgi
Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og seks LIS1 stillingar. Vi har døgnavdeling med 31 senger i Førde og 18 senger i Lærdal.
Les meir om Helse Førde HF.
Arbeidsoppgåver
- Sengepostarbeid, poliklinikk og operativ aktivitet
- Internundervisning, vegleiing av turnuslege i vakt m.m.
- Vegleiing av - og kommunikasjon med 1. linjetenesta
- Rettleiing av turnuslegar
- Vaktarbeid 7-delt turnus
Kvalifikasjonar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Må vere ferdig med turnusteneste og ha interesse for fagfeltet
- Erfaring innan fagfeltet vert vektlagt
- Erfaring som LIS vert vektlagt
- Utdanningsretning: Medisin
- Utdanningnivå: Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å kommunisere og samarbeide
- Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Pasienten i fokus
- Fagleg engasjert
- Strukturert i forhold til eigne arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.