Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vil du lære meir om kroppen sitt einaste uerstattelege organ? Då er du hjerteleg velkommen som LIS ved Avdeling nevrologi Molde!

Med bakgrunn i planlagt utviding av vaktordninga for LIS frå 10- til 12-delt døgnkontinuerleg
primærvaktordning, ønsker vi å styrke spelarstallen med minst to nye kollegaer.

Avdelinga omfattar sengepost, dagpost og poliklinikk, samt tverrfagleg ryggpoliklinikk i eigne lokaler. Vårt
klinisk nevrofysiologiske laboratorium tilbyr eit breitt repertoar av nevrofysiologisk utgreiing. Ønsker du å
bli vår nye kollega som klinisk nevrofysiolog ? Då kan oppstart i nevrologisk LIS-stilling vere eit springbrett
til denne spennande kliniske hovedspesialiteten.

Avdeling nevrologi har tre nevropsykologer. Ressurssjukepleiarane innan MS, Parkinson, hodepine, ALS og
epilepsi utgjer ein viktig del av dei respektive fagmiljøa. Sengeposten vår har 18 senger fordelt på 12
nevrologiske og 6 slagsenger. LIS3-legane går i 10-delt tilstadevaktordning med overlegar i tertiærvakt.
Totalt er det 22 legar i seksjonen kor 13 er LIS og 9 er overlegar. Vi kan lokke med variert forskingsaktivitet.

Som einaste nevrologiske sengepost i Møre og Romsdal, treff ein på eit bredt utvalg av nevrologiske
problemstillingar. Avdelinga satsar på fagleg kvalitet, utvikling og godt arbeidsmiljø - det skal vere triveleg
å jobbe hos oss.

Eit nytt sykehus for Nordmøre og Romsdal, (SNR), reiser seg på Hjelset - frå 2025 vil du ha glede av å
kunne arbeide i heilt nye arbeidslokaler og med nærheit til dei fagmiljøa som eit moderne og differensiert
mellomstort sykehus skal ha. Etter eige ønske kan vi tilby poliklinisk arbeid ved SNR Kristiansund på
enkeltdagar.

Vi gleder oss til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Mottak av pasientar ved akutt sjukdom og planlagt innlegging inkludert utøving av praktiske oppgåver.
    som spinalpunksjon, botulinumtoxinbehandling og ultralyd halskar.
  • Utgreiing og behandling av inneliggande pasientar på sengepost.
  • Poliklinikk organisert som "emnepoliklinikk" med rotasjon innan for ulike sjukdomsgrupper.
  • Deltaking i avdelinga si forskingsaktivitet avhengig av interessefelt.
  • Moglegheit for arbeidsoppgåver knytt til tverrfagleg rygg- og nakkepoliklinikk og/ eller smertepoliklinikk.

Kvalifikasjonar

  • Søker må beherske norsk skriftleg og muntleg
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnustjeneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker oss ein kollega som er:
  • Fagleg interessert
  • Positiv og med ønske om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Nettopp derfor tilbyr vi "omvendt intervju" - ein samtale med ein eller fleire av våre kollegaer, enten LIS
    eller overlege, som gir deg best mulige svar på dei spørsmåla du måtte sitte inne med

Vi tilbyr

Ved tilsetting får du ein individuelt tilpassa opplæringsperiode uten vakt med "fadderordning" samt eigen
rettleiar (overlege). Du går inn i det nasjonale spesialiseringsløpet for nevrologi med definerte læringsmål.
Fordjupningstid i snitt ein dag annankvar veke. Frigitt tid for deltaking på kurs for spesialiteten.
Dersom du kan vere interessert på eit seinare tidspunkt, er vi også interessert i å høyre fra deg.

Vi kan tilby deg:

  • Moglegheit til å gå i dybda på deler av faget etter eigne interessefelt
  • Moglegheit for forskingsdeltaking
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer, tverrfaglig samarbeid og tett samhandling i avdelinga 

Og ellers selvfølgelig:

  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Lønn etter gjeldande overenskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Bernd Muller
Tittel: Overlege nevrologi/seksjonsleiar
Telefon: 91328053
E-post: bernd.muller@helse-mr.no
Navn: Rikke Bendixen
Tittel: Ass. seksjonsleiar/LIS-koordinator
Telefon: 45851037
E-post: Rikke.Bendixen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Klinisk nevrofysiologi og legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 Molde
Søk på stillingen