Kort om arbeidsgiver
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Lyst å jobbe som lege med fri kvar kveld og helg?
Då kan du søkje på ein av våre to ledige stillingar som lege på sjukeheim. Her vil du få ein god og oversiktleg kvardag, med moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag. Sjukeheimsmedisin er både spanande og krevjande med eit stadig meir komplekst sjukdomsbilete hos pasientane i sjukeheim. Etter arbeid kan du hoppa i fallskjerm, gå eller stå på ski, vera i naturen eller nytte deg av det rike kulturlivet ein finn på Voss og i regionen.
Begge stillingar er 100%, men om ein ynskjer å arbeide i redusert stillingsbrøk vil det verte tilrettelagt for.
Me vil leggje til rette for at den som ynskjer det, kan verte spesialist i Allmennmedisin. Institusjonsteneste kan gi teljande teneste med inntil 2,5 år i spesialiseringsløpet i allmennmedisin.
Dersom du er spesialist i allmennmedisin, vil du få moglegheit til ein dag i veka med kurativ allmennpraksis for å oppretthalde spesialiteten, dersom ynskjeleg.
Deltaking i legevaktsarbeid og legevakt om ynskjeleg, men elles ikkje påkrevd vaktarbeid.
Om arbeidsplassen
Voss herad har to større sjukeheimar lokalisert i sentrum, Voss sjukeheim, og Vetleflaten omsorgssenter. Begge sjukeheimane har korttids og langtidssenger. Voss sjukeheim har i tillegg KAD-senger. Totalt er det 124 senger fordelt på langtid og korttid på institusjonane. I tillegg har me to andre sjukeheimar på Vossestrand og i Granvin, samt ei rehabiliteringsavdeling, som i dag ivaretas av fastlegar med deltidsstilling som institusjonslege.
Legane me lysar etter, vil for tida ha arbeid ved Voss sjukeheim og Vetleflaten omsorgstun. Endringar må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- overordna ansvar for å sikre legetenester av god kvalitet i sjukeheim
- undersøking, diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar
- samtaler med pasientar og pårørande
- tverrfagleg samarbeid
- legemiddelgjennomgang
- internundervisning og veiledning
- veiledning av LIS1-legar som tenestegjer i sjukeheimane
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som lege
- det er ein fordel om du er spesialist i allmennmedisin, nærmar deg dette eller har ein relevant sjukehusspesialitet (for eksempel indremedisin inkl. greinspesialiteter)
- gar gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- interesse for sjukeheimsmedisin og fagutvikling
- evner å arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team
- gode evner til samhandling og kommunikasjon
- ansvarleg og løysingsorientert
- fleksibel og utviklingsorientert
Personlege eigenskapar vert vektlagt i prosessen.
Ynskjeleg med snarleg tiltreding.
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.