Vi har ledig stilling som overlege ved allmennpsykiatrisk poliklinikk ved Øyane DPS, Tiltreding etter nærare avtale. Søkarar som ønsker vikariat eller redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken er lokalisert i bynære omgjevnadar om lag femten minuttars køyring frå Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 50 000 innbyggarar over 18 år. Det er god kontakt med førstelina og kommunane er i rask vekst. Øyane DPS er aktiv i samhandling med kommunane.
Vi ønsker å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegen sine eigne ønsker og moglege rammer. Vi anser det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel. Forsking knytt til stillinga kan bli tilrettelagd.
Øyane DPS består av:
* Allmennpsykiatrisk poliklinikk 1 og 2, godkjend tenestestad for LIS3, med eige ambulant akutteam (AAT) og MBT team
* Psykose døgnseksjon med 8 senger og godkjend som tenestestad for LIS3
* Allmenn døgnseksjon har 11 senger og er godkjend som fordjupingsteneste og valfri teneste for LIS. Behandlargruppa består av overlege, psykologspesialist , LIS1 og LIS3
* Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose. Teamet jobbar tverrfagleg og er satt saman av psykiater, psykologspesialist, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar, erfaringskonsulent, musikkterapeut og IPS jobbspesialist.
Alle legane møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.