Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vi vokser og søker derfor etter en ny kollega i vårt team på kreftpoliklinikken. Helse Fonna har to onkologer fast tilknytta kreftpoliklinikken og søkjer no etter éin til. Størstedelen av pasientane er innan diagnosegrupper gastrointestinale cancere og mamma cancer. Ut over dette gir våre onkologer også behandling til andre diagnoser i samråd med onkologar ved Haukeland universitetssykehus (HUS). Vi har eit tett samarbeid med onkologane på HUS, og fleire av desse kjem til Haugesund sjukehus på månadsbasis. Dette er ei god hjelp og gir god moglegheit til å konferere fag og problemstillingar. Vi har også telefonisk konferering med onkologane på HUS i kvardagen samt etablerte MDT møter her lokalt. Hematologane, gynekologane og lungelegane har ansvaret for og bestiller kurer til eigne pasientar. Den framtidige planen er å få ein LIS i onkologi og utvide onkologien med sengepost.

Arbeidsoppgåver

  • Onkologen jobbar primært på dagtid som spesialist innan fagområdet, på kreftpoliklinikken
  • Arbeidet består i konsultasjonar, bestilling av kurar i cytodose, tilsyn på avdelingar ved behov, undervisning, samt noko administrativt arbeid
  • Onkologen har tett samarbeid med palliativ team og dette skal prioriterast i det daglege arbeidet
  • Det er kvar veke tverrfaglege møter med palliativ team og MDT møter. Ein skal delta i tverrfaglege diskusjonar om behandling av kreftpasientar
  • Onkologen vil vere ein sentral person i arbeidet med utviklinga av tilbodet til kreftpasientar

Kvalifikasjonar

  • Norsk godkjenning som spesialist i onkologi innan oppstart i stillinga
  • Den som blir tilsett må kunne snakke og skrive norsk på høgt nivå
  • Søkjar må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
  • Onkolog med erfaring frå norske sjukehus vil ha eit fortrinn
  • Erfaring innan palliasjon er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein fagleg dyktig medarbeidar med gode evner til kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Vi ønskjer ein medarbeidar med gode samarbeidsevner og som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Ein medarbeider som vektlegg å arbeide i team og få til gode resultat i fellesskap med kollegaer.

Vi tilbyr

  • Ein kreft poliklinikk med dyktige, erfarne og sjølvstendige spesialsjukepleiarar
  • Godt samarbeid med mellom onkologar og spesialistar innan kirurgiske og medisinske fagområder
  • Samarbeid med Haukeland universitetssjukehus kan gi moglegheit for å delta i forskningsprosjekt.
  • Lønn etter avtale
  • God pensjonsordning
  • Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereisforsikring
  • Fagleg og personleg utvikling, legger til rette for å delta på kurs og har ukentlig undervisning med kreftavdelingen på HUS blant anna

 

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Lise Bruntveit
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 99647391
E-post: lise.berit.bruntveit@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk avd B, Kreftpoliklinikken, Helse Fonna HF
Karmsundsgata 120
5504 Haugesund
Søk på stillingen