Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vi har ledig 2 faste stillingar for Lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering frå 15. august 2023 eller etter avtale.
Stillinga er ved Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som tilhøyrer Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 24 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppene som får tilbod på døgnpost er pasienter med komplekse fysiske og/ eller kognitive funksjonsnedettelser som følge av skade/ sykdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner. Seksjonen yter også ambulante tjenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til disse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett arbeid i tverrfaglege team på både sengepost og poliklinikk.
Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR
Ålesund sjukehus ligg omkransa av majestetiske fjell og innbydande fjorder og du kan oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Byen Ålesund er kåra til ein av dei vakraste byane i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Les meir om Ålesund og omland her
Arbeidsoppgåver
- Sengepostarbeid
- Poliklinisk arbeid
- Det er forventa at ein deltek i seksjonen si vaktordning
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, og gjerne erfaring med både sengepost og poliklinisk arbeid.
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
- Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Søker må beherske norsk muntleg og skriftleg
- Du er i stand til å gi og ta imot veiledning
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte team
- Utfordrende arbeidsoppgåver
- Tett samarbeide med andre faggrupper
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i regionen for å oppnå læringsmål knyt tilspesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.