Kort om arbeidsgiver
Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon, som har driftsavtale med Helse Vest RHF. Vi har omlag 74 årsverk, 3,8 av desse er legestillingar. Det kjem årleg ca 1300 pasientar til behandling individuelt eller på gruppe, fordelt på åtte ulike ytingar; kreft, nevrologi, hjerneslag, hjerneskade, sjukdom i øyre og øyrebensknute, sjukeleg overvekt, muskel- og skjelett, samt avtale om arbeidsretta behandling. I tillegg har vi gruppetilbod for barn og unge.
Institusjonen har gode fasilitetar for varierte aktivitetar både inne og ute. Vi ligg ved fjorden, omkransa av fjell og flott natur. Det er mange turløyper for ulike funksjonsnivå i området, som er ideelt som utgangspunkt for både aktivitet og avkopling.
Vi ligg i Fjaler kommune, ein tettstad med nærheit til barnehage, skule, samt vidaregåande. Det tek ca 45 minutt med bil til næraste flyplass og du kan vere i Oslo etter 1 time i fly. Om du ønsker å køyre til Bergen, tek dette om lag 3 timar. Vi kan tilby personalbustad, dette kan gjere helgependling mogleg.
Ønsker du å jobbe i eit lærerikt tverrfaglig miljø med fokus på å behandle heile menneske?
Vi har ledig stilling for lege i 100 %. Lege med midletidig lisens kan også søke. Oppstart etter avtale.
Vi arbeider tverrfagleg og fagpersonane er fordelt på tverrfaglege team. Faggruppene består av legespesialistar, lege, fysioterapeutar, ergoterapeutar, arbeidskonsulent, sosionom, idrettspedagogar, klinisk ernæringsfysiolog, logoped og miljøterapeutar. Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagleg utvikling.
Senteret har eit fagleg samarbeid med fysikalsk medisinsk avdeling ved Nordås/i Helse Bergen og legane deltek fast i internundervisning saman med leger der. Det er vidare gode moglegheiter for deltaking på kurs og vidareutdanningar, i tillegg til strukturert opplegg med internundervisning og kvalitetsutvikling på senteret, samt hospitering ved andre institusjonar.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid og samarbeid i våre tverrfaglige rehabiliteringsteam
- Bidra til å styrke ressursar og muligheiter for pasientar med samansette helseutfordringar
- Medisinske vurderingar
- Journal- og epikrise arbeid
- Undervisning, opplæring og veiledning
- Deltaking i aktivitetar innandørs og utandørs blir oppmuntra
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege. Lege med midlertidig lisens vil også kunne bli vurdert
- Relevant erfaring og interesse for tverrfaglig rehabilitering
- God generell IKT-kompetanse
- Gode munnlege og skriftlege norsk kunnskapar (C1)
Personlige eigenskaper
- God evne til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre
- Interesse og engasjement for deling av kompetanse, samhandling og samarbeid
- Blikk for tverrfaglige funksjonsvurderingar.
- Interesse for forsking og fagutvikling.
Personlige eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Krav om framlegging av politiattest ved tiltreding av stilling.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegar.
- Familievennleg jobb med dagarbeid kl 08-1530, uten vakter og helgearbeid. Senteret er stengt i forbindelse med jul.
- Faglig utvikling og mulighet for arbeid med forskning.
- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
- Gode pensjonsordningar
- Gode velferdstilbod
- Personalbustad/ hjelp til å skaffe bustad
- Ein arbeidsplass som er sentralt plassert i vakre omgivelser