Kort om arbeidsgiver
Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon, som har driftsavtale med Helse Vest RHF. Vi har omlag 74 årsverk, 3,8 av desse er legestillingar. Det kjem årleg ca 1300 pasientar til behandling individuelt eller på gruppe, fordelt på åtte ulike ytingar; kreft, nevrologi, hjerneslag, hjerneskade, sjukdom i øyre og øyrebensknute, sjukeleg overvekt, muskel- og skjelett, samt avtale om arbeidsretta behandling. I tillegg har vi gruppetilbod for barn og unge.
Institusjonen har gode fasilitetar for varierte aktivitetar både inne og ute. Vi ligg ved fjorden, omkransa av fjell og flott natur. Det er mange turløyper for ulike funksjonsnivå i området, som er ideelt som utgangspunkt for både aktivitet og avkopling.
Vi ligg i Fjaler kommune, ein tettstad med nærheit til barnehage, skule, samt vidaregåande. Det tek ca 45 minutt med bil til næraste flyplass og du kan vere i Oslo etter 1 time i fly. Om du ønsker å køyre til Bergen, tek dette om lag 3 timar. Vi kan tilby personalbustad, dette kan gjere helgependling mogleg.
Ledig stilling for spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, barnesykdommer, allmennmedisin, anna relevant spesialitet
Har du lyst til å bli vår nye kollega? Vi har ledig fast stilling for spesialist, oppstart etter avtale.
Dersom du er opptatt av aktivitet og deltaking, har eit ressursfokus i di tilnærming og ønsker å bidra med fagutvikling i eit stort tverrfagleg miljø, kan du vere rett person for oss.
Senteret er ein privat, ideell organisasjon som gjer tilbod om intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta med tilbod både til barn og vaksne.
Vi arbeidar i team og faggruppene består av legespesialistar, lege, fysioterapeutar, ergoterapeutar, arbeidskonsulent, sosionom, idrettspedagogar, klinisk ernæringsfysiolog, logoped og miljøterapeutar. Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagutvikling.
Det er gode moglegheiter for deltaking på kurs og vidareutdanningar i tillegg til strukturert opplegg med internundervisning og kvalitetsutvikling på senteret. Vi har eit fagleg samarbeid med fysikalsk medisinsk avdeling ved Nordås/i Helse Bergen og legane deltek fast i internundervisning saman med leger der. Det vert lagt til rette for at ein kan hospitere ved andre institusjonar.
Arbeidsoppgåver
• Klinisk arbeid og samarbeid i våre tverrfaglege rehabiliteringsteam
• Bidra til å styrke ressursar og moglegheiter for pasientar med samansette helseutfordringar
• Medisinske vurderingar
• Journal- og epikrise arbeid
• Samarbeid med anna spesialisthelseteneste og det kommunale hjelpeapparatet
• Undervisning, opplæring og rettleiing
• Delta i systematisk fagutvikling generelt ved institusjonen
• Moglegheit til å observere pasientar i ulike aktivitetar både innandørs og utandørs.
Faglege kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som lege. Spesialistkompetanse innan fysikalsk medisin og rehabilitering, allmennmedisin eller barnesjukdommar er særleg relevant, men spesialist innan andre relevante fagområde kan og vere av interesse.
• Relevant erfaring og interesse for rehabilitering
• Generell IKT-kompetanse
• Beherske norsk, muntleg og skriftleg (C1)
Personlege eigenskapar
• Like å arbeide i tverrfagleg miljø
• Interesse for forsking og fagutvikling
• God kommunikasjons- og samarbeidsevne
• Vere sjølvstendig og ha god vurderingsevne
• Interesse og engasjement for deling av kompetanse, samhandling og samarbeid
• Interesse for å halde deg oppdatert på medisinsk- og teknologisk utvikling
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Politiattest må leverast ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegar
• Familievennleg jobb utan vakter
• Fleksibel arbeidstid med kjernetid mellom 09.00 - 15.00. Senteret er julestengt
• Internundervisning for legar i samarbeid med Helse Bergen
• Gode moglegheiter for å delta på relevante kurs og utvikling av fagkompetanse.
• Moglegheit for å legge til rette for hospitering ved andre institusjonar
• Gode lønns- og arbeidsvilkår
• Gode pensjonsordningar
• Gode velferdstilbod
• Personalbustad / hjelp til å skaffe bustad
• Fantastisk beliggenheit og nærheit til sjø og fjell