Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Liker du å jobbe tett med andre faggrupper, pårørande og pasientar ? Då vil vi gjerne ha deg på lag.
Seksjon for Fysikalsk medisin og rehabilitering har ledige faste stillingar for overlege med spesialitet innan fysikalsk medisin og rehabilitering frå snarast eller etter avtale.
Seksjonen inneheld:
- Sengepost med 24 rehabiliteringssenger, 4 rehabiliteringssenger på pasienthotell, ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før og etter innleggelse
- Poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi, inklusiv "Helse I Arbeid" tilbod
Den ledige stillinga er for tida tilknytta døgnpost, rehabiliteringspoliklinikk og ambulant tjeneste. Ved rehabiliteringssengeposten gir vi spesialisert rehabilitering til pasientar frå heile fylket med traumatiske hjerneskader, hjerneslag, nevrologiske lidingar, ryggmargsskade, komplekse multitraumer og amputasjonar. Jobben vil bestå av oppfølgning av pasientar innlagt i sengeposten, rehabiliteringspoliklinikk og ambulante tjenester i tett samarbeid med det tverrfaglige teamet. Vi søkjer engasjerte medarbeidarar som likar faglege utfordringar og aktivt kan bidra i å utvikle kvalitet på det tverrfaglege tilbodet.
Seksjonen er lokalisert i Ålesund Sjukehus, og ligg omkransa av innbydande fjord og fjell.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Sjå også gjerne innom vår instagram konto: Fysmed_alesund_hmr. Vi håpar å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i seksjonen si vaktordning med heimevakt med utrykking mellom kl 16.00-21.00 på kvardagar og 09.00-14.00 i helg
- Arbeid i tverrfaglege team på sengepost og/eller poliklinikk
Kvalifikasjonar
- Oppnådd spesialitet i fysikalsk medisin og rehabilitering.
- Lege i spesialisering med relevant erfaring oppfordras òg til å søkje på stillinga. Ved intern opprykk kan det bli ledig 100% stilling for Lege i spesialisering frå same tidspunkt.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapa
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid. Du må like å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg
- Personleg eignaheit i forhold til samarbeid, kvalitet og arbeidsmiljø vil bli særskilt vektlagt
- Du må ha lyst å bidra i å utvikle tilbodet i vår seksjon
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Begrenset vaktbelastning
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår