Vil du vere med på laget vårt?
Vi har eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø som arbeider godt saman. Vi held på med ei stor satsing som inneber rekruttering av fleire nyutdanna jordmødre og legar i spesialisering.
Molde sjukehus har eit fødselstal på over 700 born årleg. Utover obstetrikk har vi også eit godt gynekologisk tilbod ved begge sjukehusa i Klinikk SNR. Det kirurgiske tilbodet vårt held eit høgt nivå, og vi gjer det meste av generell gynekologisk kirurgi - laparoskopisk, abdominalt og vaginalt. Vi samarbeider med Kristiansund sjukehus på ulike fagfelt innanfor gynekologi.
Du vil bli ein del av eit større fagmiljø i Helse Møre og Romsdal. Vi samarbeider nært med kollegane våre i Kristiansund, Ålesund og Volda, i tillegg til St. Olavs hospital i Trondheim som har regional funksjon. Her vil det vere gode moglegheiter for jobbutveksling, hospitering og anna samarbeid som til dømes forsking. Det er med andre ord gode moglegheiter til å utvikle seg fagleg. Vi kan også vurdere søknadar frå kandidatar som er nær å fullføre spesialiseringa si.
I 2025 flyttar vi inn i eit nytt og topp moderne akuttsjukehus på Hjelset rett utanfor Molde sentrum! Les meir om sjukehuset her
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Søknadene blir vurdert fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.