Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Vil du bli vår nye alderspsykiater?
På Haugesund sjukehus ønskjer vi å styrke tilbodet innan alderspsykiatri – og no har vi ledig ei fast 100 % overlegestilling for deg som er spesialist, eller som ønsker å fordjupe deg vidare innan dette spennande fagfeltet.
Alderspsykiatrisk sengepost har 8 senger og er tett knytt til vår eldremedisinske poliklinikk, som blir driven i samarbeid med geriatrisk poliklinikk. Her får du arbeide i eit tverrfagleg miljø med erfarne og dyktige kollegaer – blant anna vår geriater med mange års erfaring frå både sengepost og poliklinikk.
Du blir også del av eit aktivt fagmiljø gjennom Eldremedisinsk Forskningsgruppe, som har professorkompetanse innan alderspsykiatri og som leiar kliniske behandlingsstudiar for ulike typar demens.
Er du LIS 2/3 og har lyst til å spesialisere deg innan alderspsykiatri? Då oppmodar vi deg til å søkje!
Helse Fonna HF består av fire sjukehus (Haugesund, Stord, Odda og Valen) og fire distriktspsykiatriske senter (DPS) lokalisert på Stord, Valen/Odda, Karmøy og Haugesund. Våre tilsette er vår viktigaste ressurs.
Er dette noko for deg? Send oss ein søknad – vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består av utgreiing, diagnostisering og behandling av eldre pasientar med kognitiv svikt, demens og psykiske lidingar som oppstår etter fylte 65 år – i tett samarbeid med eit tverrfagleg team.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Norsk spesialistautorisasjon som psykiater eller LIS 3 i spesialisering
- Det er ønskeleg med fordjuping innan alderspsykiatri
- Må være godkjend for å kunne vurdere tvangsvedtak i forhold til Lov om psykisk helsevern
- Arbeid i poliklinikk/ambulerande virksemd og sengepostarbeid
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har ein positiv og fleksibel innstilling, og kommuniserer godt med både pasientar, pårørande og kollegaer
- Jobbar strukturert, målretta og effektivt – også i travle kvardagar
- Møter andre med profesjonalitet, tillit og respekt
- Er fagleg engasjert og ønskjer å utvikle seg vidare
- Bidreg aktivt til fagleg utvikling i teamet
- Er med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse innan alderspsykiatri og geriatri.
- Samarbeide tett med ein erfaren geriater og eit tverrfagleg team.
- Delta i kliniske behandlingsstudiar gjennom Eldremedisinsk forskingsgruppe med professorkompetanse.
- Arbeide i eit miljø som verdset utvikling, samarbeid og fagleg kvalitet.
- Bli ein del av eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi tilbyr hjelp med språkopplæring til rett kandidat