Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Er du psykiater på utkikk etter nye utfordringr? Då kan det vere verdt å stoppe opp her.
Vi har ledig stilling som overlege/psykiater ved Avdeling for sykehuspsykiatri Sunnmøre - Seksjon for Akutt psykisk helse frå mars 2023. Startdato kan avtalast.
Seksjon Akutt psykisk helse er delt i to team, Team A og Team B med 4 overlegestillingr fordelt på de to teama. Team A, som denne stillinga er knytta til, er psykiatrisk mottak ved Ålesund sjukehus og det er tilknytta to overlegestillingar til seksjonen. Vi har allerede ein svært dyktig overlege hos oss, men han treng ein ny kollega.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld forøvrig 6 seksjonar: Akutt psykisk helse Team A og Team B, som kvar har 6 senger, Lokal sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering.
Vi er no i ein prosess med å få samla Akuttpostane i ei eining og i nye lokaler, og det vil då ikkje vere oppdelt i to team slik som per i dag. Det
er utarbeida planer for korleis denne seksjonen skal vere, og vi går inn i en
spennande prosess med å få samla fagmiljøet og bygge opp ei sterk akutteining her på avdelinga.
Seksjonen tilbyr oppstart av behandling i akutte fasar av alvorleg psykisk sjukdom. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.
Arbeidsstad er i vakre Ålesund! Byen med den karakteristiske Jugendstilarkitekturen er vidt kjent. Eit mangfald av tårn, spir og utsmykkingar er som teke ut av eit eventyr. Byen og området rundt har også eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve fjordar, øyar og fjell som berre ventar på å få begeistre deg. Sjå meir på Visit Ålesund
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering av menneske i akutt krise
- Fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og tverrfagleg samarbeid
- Individualterapi og pårørandesamtalar
- Deltaking i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent norsk spesialitet innan psykiatri
- Vi ynskjer psykiater med erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
- Det er ynskjeleg at du har brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innan vaksenpsykiatrien
- Du må meistre norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som er nytenkjande og endringsorientert
- Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er ein miljøskapar der det faglege- og sosiale miljøet kan vekse og utviklast
- Du er ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
- Du har evne til å tåle stress og stå i krevende situasjoner
- Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljøer
- Du har interesse for forbetringsarbeid/forskning innan akuttpsykiatri
- At ein er personleg eigna for stillinga blir vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår