Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har ledig fast stilling for overlege i hud- og veneriske sjukdomar.
Hud poliklinikk har 7 tilsette, derav 3 legestillingar. Vi har tilbod om UV-lysbehandling både i Kristiansund og Molde. Eininga har også tilbod om sårbehandling, småkirurgi, fotodynamisk behandling (PDT), iontoforese, bade- og smørebehandlingar, allergitesting (epikutan- og prikktesting) og digitalt fotograferingssystem/ Fotofinder og dermatoskopi. Ved behov for kompletterande utgreiing/behandling, eller inneliggande behandling, samarbeider vi med hudavdelinga ved St. Olavs hospital i Trondheim.
Seksjonen har ikkje senger og ingen vaktberedskap. Seksjonen er godkjent som utdanningsinstitusjon innan dermatologi, og dekkjer Nordmøre og Romsdal.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av alle typar hudsjukdomar
- Internt tilsyn
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent spesialitet innan hud- og venerologiske sjukdomar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og pasientorientert
- Du er sjølvstendig og beslutningsdyktig
- Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her