Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vil du vere med på laget vårt?
Vi søkjer no etter ein engasjert psykiater som vil vere med å bidra med sin kompetanse inn i eit spennande fagmiljø. I poliklinikken er det mange spesialistar både innan psykologi og psykiatri. Psykiatarar har ei viktig rolle i poliklinikken. Vi har eit engasjert fagmiljø som er opptatt av å utvikle seg sjølve og pasienttilbodet.
Poliklinikken er organisert i tre team; gruppebehandling, ROP og allmennteam. Stillinga er i allmennteamet. Allmennteamet er delt inn i fire mindre team der ein har ein meir spissa profil. Vi arbeider med å utvikle ei organisering slik at den einskilde kan bruke meir tid på å bli god på nokre oppgåver. Vi trur dette vil gjere både arbeidskvardagen til medarbeidarane og det faglege tilbodet betre. Vi er samstundes igang med tidleg avklaring etter tilvising, og er ei viktig oppgåve som delast mellom alle spesialistane i poliklinikken.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
- Samarbeid med medarbeidarar i poliklinikken og øvrige einingar i DPS og elles i klinikken
- Deltaking i vaktordninga i klinikken
- Vurderingssamtalar med pasientar med tanke på avklaring av vidare tiltak
- Medisinvurderingar av teamet sine pasientar ved behov
- Deltaking i poliklinikken sitt inntaksarbeid
- Delta i poliklinikken si utvikling av spesialiserte tilbod
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent spesialist i psykiatri
- Erfaring frå poliklinisk arbeid
- LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 12 mnd til forventa sluttført utdanning
- Må mestre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er positivt innstilt til nye arbeidsformer innan psykiatri/ psykisk helsevern
- Du har evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
- Du har fleksibilitet kring arbeidsoppgåver
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit fagmiljø som vil utvikle helseteneneste for framtida
- Godt og støttande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte kollegaer (td. faglunsjar)
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Rekrutteringstillegg
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakreJugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her