Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

To fastløna kommunale legestillingar ledig i våre institusjonar
Om arbeidsplassen
Voss herad har to større sjukeheimar lokalisert i sentrum, Voss sjukeheim og Vetleflaten omsorgssenter. Begge sjukeheimane har korttids og langtidssenger. Voss sjukeheim har i tillegg KAD-senger. Totalt er det 124 senger fordelt på langtid og korttid på institusjonane. I tillegg har me to andre sjukeheimar, på Vossestrand og i Granvin, samt ei rehabiliteringsavdeling, som i dag ivaretas av fastlegar med deltidsstilling som institusjonslege.
Legane me lysar etter, vil i hovudsak ha arbeid ved Voss sjukeheim og Vetleflaten omsorgstun.

Arbeidsoppgåver:
Overordna ansvar for å sikre legetenester av god kvalitet i sjukeheim
Undersøking, diagnostikk, behandling og oppfølging av paisentar
Samtaler med pasientar og pårørande
Tverrfagleg samarbeid
Legemiddelgjennomgang
Internundervisning og veiledning
Veiledning av LIS1-legar som tenestegjer i sjukeheimane
 
Moglegheit for ein dag i veka med kurativ allmennpraksis for spesialister i allmennmedisin dersom ynskjeleg for å oppretthalde spesialiteten.
 
Deltaking i legevaktsarbeid om ynskjeleg, men elles ikkje påkrevd vaktarbeid.
 
Tidsrom: snarleg tiltreding
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege
- Er spesialist i allmennmedisin, nærmar seg dette eller som har ein relevant sjukehusspesialitet
(for eksempel indremedisin inkl. greinspesialiteter)
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
 
Personlege eigenskapar
-Interesse for sjukeheimsmedisin og fagutvikling
-Evner å arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team
-Gode evner til samhandling og kommunikasjon
 
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
 
Me tilbyr:
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
 
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
 
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: Ingeborg Hellesnes Uppheim
Tittel: Leiar
Telefon: 41704932
E-post: Ingeborg.H.Uppheim@voss.herad.no
Arbeidssted
Hagahaugen 30
5700 VOSS
Søk på stillingen