Vi har ledig ein fast stilling for lege i spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering. Oppstart etter nærare avtale.
Har du lyst til å gjere ein forskjell for pasientar som treng rehabilitering etter skade eller sjukdom?
Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar, som vil ha deg med for å bidra til utvikling av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar og variasjon. LIS vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram for LIS.
ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og eit forbetra funksjonsnivå i kvardagen. Hos oss får du samarbeide med medarbeidarar frå dei fleste helseprofesjonar. Vi arbeider tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar.
Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Klinikken gir spesialiserte tilbod og tenester til personar med komplekse og samansette behov for utgreiing, vurdering og rehabilitering/habilitering i sjukehus. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon, og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Vest. Vi samarbeider tett med ulike einingar i spesialisthelsetenesta inkludert psykisk helsevern, og førstelinjetenesta.
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering held til på Nordås og gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettskadar/-smerter m.a. Vi har for tida totalt 17 legar inkludert LIS.
Klinikken er inne i ein spennande utviklingsfase med mange pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. knytta til nybygg og samlokalisering på Nordås om nokre år.
Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.