Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Om stillinga:
Voss sjukehus, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat for LIS2 i generell kirurgi/gastroenterologisk kirurgi med oppstart 27.02.23/ 01.03.23.

Kirurgisk seksjon behandlar generellkirurgiske og gastrokirurgiske pasientar. Vi utfører gallekirurgi,  ulike typar tarmreseksjonar, fedmekirurgi, alle typar brokk og proktologiske tilstandar. I tillegg har sjukehuset akuttfunksjon innan traumatologi. Vi har og stor endoskopisk aktivitet og skal medverke i det komande koloskopiscreeningprogrammet. 

Det er per i dag 8 LIS 2/3 stillingar ved kirurgisk avdeling, 4 LIS2 ved kirurgisk seksjon og 4 LIS3 ved ortopedisk seksjon. Frå 01.03.2023 planlegg vi delt tenesteplan med eige vaktskikt for LIS2 i generell kirurgi/ gastrokirurgi. Det er 5 spesialistar i generell kirurgi/ gastroenterologisk kirurgi ved sjukehuset. 

Litt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt ein stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje  den positive utviklinga. I strategiplan for Helse Bergen er det lagt opp til styrking av akuttfunksjonar og fødetilbod ved Voss sjukehus. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på 6 kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.

Ein samla utviklingsplan, Nye Voss sjukehus fram mot 2035, er no under arbeid. Planen har som mål å utvikle eit framtidsretta sjukehus, der nytt areal og infrastruktur skal støtte opp om aktiviteten ved sjukehuset.

Litt om Voss: 
Voss herad aukar folketalet og har for tida 15.800 innbyggjarar. Staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og -aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar samt ein flott golfbane. Me har gode rabattordningar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert med Vossa Jazz, Bluesfestival og Osafestival. Det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

 Sjå her: Å bu og jobbe på Voss

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikk
  • Visittgang/ postarbeid
  • Operere og assistere på operasjon
  • Rettleie LIS1
  • Den som blir tilsett som LIS, vil få ein personleg rettleiar og deltar i det regulære utdanningsprogrammet i avdelinga
  • Forholda vil bli lagt til rette for deltaking i undervising, kurs og annan etterutdanning

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-2 stilling i generell kirurgi/gastrokirurgi 
  • Det vil bli lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og DNLF
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad

 


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Christer Kvelvane
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56 53 35 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss