Vi søkjer etter 1 vaktkompetent barnelege, for 100% fast stilling med oppstart snarast/etter avtale!
Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund sjukehus er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Ein av barnelegane arbeider også i barnehabiliteringstjenesta.
Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år.Ein del av SNR vil bli Kristiansund SNR. Her vert det planlagt tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.
Den som vert tilsett må rekne med endring i fast arbeidsstad ved innflytting i SNR, med moglegheit å arbeide enkelte dagar ved Kristiansund SNR. Du vil møte ein spennande arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til framtidsplanar og utvikling. Du vil blii inkludert i eit godt arbeidsmiljø!
Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten.Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv!
Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar! Vi kan hjelpe med bolig i ei overgangsfase, og også med kontakt med barnehage/skule.
For meir informasjon om Kristiansund / Romsdal og Nordmøre viser vi til nettsida Visit Nordvestlandet