Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Er du lege med interesse for samanhengen mellom helse og arbeid? Likar du å vera del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø? Har du lyst til å bu og arbeide høgt til fjells, midt mellom aust og vest?

Rehabiliteringssenteret AiR søker lege i 100% stilling.

Det er ulike spesialitetar som kan vera aktuelle for stillinga, til dømes fysikalsk medisin og rehabilitering, arbeidsmedisin, allmennmedisin eller andre.

Målgruppa for rehabiliteringstilbodet ved AiR er pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon. AiR har eit eige tilbod for pasientar med CFS/ME. I tillegg satsar institusjonen no på å gje eit heilskapleg tilbod til unge vaksne med utfordringar i arbeidslivet.

Dei fire tverrfaglege teama består av lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent, idrettspedagog og psykolog/samtaleterapeut. Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil og delta i systematisk fagleg utvikling.

Senteret har og eit samarbeid med STHF om fysikalsk medisinsk poliklinikk for befolkninga i øvre Telemark.

Faglege kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Interesse for fagfeltet
  • God kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar vert lagt vekt på
Me tilbyr:
  • Deltaking i eit godt og solid fagmiljø, seks legar med ulike spesialiseringar (fysikalsk medisin, allmennmedisin og psykiatri).
  • Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
  • Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00 - 15.30
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
  • Hjelp til å skaffe møblert bustad
**Søknadsfrist snarast -**me tek søkarar inn til intervju fortløpande og avsluttar prosessen når me har funne den rette.

For meir informasjon, kontakt:
Leiar klinikk Anita Vatnebryn tlf. +47 957 30 942, e-post anita.vatnebryn@air.no eller medisinskfagleg ansvarleg overlege Ottar Berg på tlf 952 84 240.

Søk på nettsida vår: Ledige stillingar - Rehabiliteringssenteret AiR
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Rehabiliteringssenteret AiR as
Kontaktpersoner
Navn: Anita Vatnebryn
Tittel: Kllinikkleiar
Telefon: 957 30 942
E-post: anita.vatnebryn@air.no
Navn: Ottar Berg
Tittel: Medisinskfagleg ansvarleg overlege
Telefon: 952 84 240
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Haddlandsvegen 20
3864 RAULAND