Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
20 - 50 % avtaleheimel for godkjend spesialist i augesjukdomar er ledig frå 01.10.2023, eller etter avtale.
 
Overtakinga av eksisterande praksis vil skje i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer.
 
Eksisterande praksis, iFocus Øyeklinikk AS, har til saman 25 tilsette, kor tre er augelegar (to er både vikarar i avtale og PhD kandidatar ved klinikken), 7 fulltids tilsette optikarar, 3 tilsette i ulike administrative stillingar og 5 tilsette i sentralbord/front office funksjonar. Klinikken har også eigen operasjonsavdeling med i alt 5 tilsette. Aktiviteten ved klinikken inneber konsultativ augelegeteneste, operativ augelegeteneste, forsking og utvikling, og kurs og utdanning.
Heimelsinnehaver er fleksibel med kor stor del av heimelen som vil bli overdratt umiddelbart. Resten av heimelen vil bli overdratt gradvis etter avtale over maksimum 5 år.
 
Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokalar og i nært samarbeid med noverande innehavar. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida.
 
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
  • erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
  • eigenskapar for heimelen
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre
 
Dersom fleire kandidatar synes å være likt kvalifisert vil forskingserfaring og interesse samt motivasjon for å kunne lede senteret bli tillagt vekt ved tildeling av avtaleheimel.
 
Spesialisten som overtek skal drive med både oftalmomedisinsk og operativ (grå stær) augelegeteneste.
 
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
 
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Fonna HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Fonna HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Fonna HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
 
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell, når aktuell søkjar overtar heile avtaleheimelen.
 
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.
 
Spørsmål om praksisen kan rettast til Kjell Gunner Gundersen, tlf.: 916 48 707.   
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 51 96 38 22.
 
Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Privatpraktiserende spesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktpersoner
Navn: Helse Vest RHF ved Torleiv Bergland
Tittel: Spørsmål om heimelen
Telefon: 51 96 38 22
Navn: Kjell Gunner Gundersen
Tittel: Spørsmål om praksisen
Telefon: 916 48 707
Hjemmeside
Søknad
Søknad sendes: Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 STAVANGER

Arbeidssted
iFocus Øyeklinikk AS
Sørhauggata 111
5527 HAUGESUND