Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vi ved Seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig eit 100% vikariat for Lege i spesialisering innan fagfeltet endokrinologi med oppstart 01.03.23 eller etter avtale.

Medisinsk avdeling er den største avdelinga ved Ålesund sjukehus. Den inneheld 3 sengepostar, poliklinikkar, dialyseining og intensivsenger. Avdelinga har fagseksjonar innanfor nyresjukdomar, lungesjukdomar, blodsjudomar, hjartesjukdomar, diabetes- og stoffskiftesjukdomar, mage/tarmsjukdomar, intensivbehandling og infeksjonssjukdomar samt alderssjukdommar og hjerneslag.

I denne stillinga tilbys første 6 månader utan vakt og full teneste ved poliklinikken under tett supervisjon og opplæring. Seinare vil ein gå inn i vaktturnus, minst 16-delt vakt. God tid til opplæring før ein går sjølvstendige vakter. 

Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!  

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid ved endokrinologisk poliklinikk
  • Supervisjon/rettleiing av LIS1
  • Internundervisning
  • Utviklings- og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
  • Evne til fleksibilitet
  • Gode språkkunnskaper i norsk/skandinavisk, både muntleg og skriftleg
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Du har godt humør
  • Du har evne til å samarbeide
  • Du bidreg til innovasjon

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Jørn-Åge Longva
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70105651
E-post: Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund