Kort om arbeidsgiver

Hudavdelinga i Helse Førde har ledig fast stilling som overlege i hud- og veneriske sjukdommar. Om det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar til overlegestillinga, kan LIS 3 bli mellombels tilsett. 

Hudavdelinga består av 5 poliklinikkar fordelt på ulike lokalisasjonar i det geografiske området Sogn og Fjordane. Poliklinikkane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, ISP i Sogndal og SMS i Florø. Den største poliklinikken
er på Førde sentralsjukehus, og dette er hovudarbeidsstad.

Alle einingane driv lysbehandling, og dei desentraliserte poliklinikkane ved Lærdal Sjukehus og Nordfjord Sjukehus har legedagar to dagar per månad. Avdelinga har og
eigen telemedisinsk poliklinikk i Audnedal.
Avdelinga har per no to overlegar, ein konstituert overlege og ein LIS 3. Les meir om Helse Førde HF.

Førde som plass å arbeide og busetje seg kan du lese om her:  Sunnfjord kommune

Arbeidsoppgåver

  • Hudavdelinga i Helse Førde har spesialisthelsetenesteansvar for innbyggjarane i det geografiske området Sogn og Fjordane innan fagområdet Hud- og veneriske sjukdommar.
  • Arbeidsoppgåver er til dømes utgreiing og behandling  av ulike maligne og premaligne tilstandar i huda, psoriasis, eksem, allergologiske utgreiingar, sårbehandling, mindre kirurgiske inngrep m.m.
  • Avdelinga brukar og videokonsultasjonar der dette er teneleg. Alle einingane driv lysbehandling.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i hud- og veneriske sjukdommar med norsk godkjenning. Evt. LIS 3 i mellombels stilling.
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Stillinga krev evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Du handsamar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
  • Du er målretta, arbeidsvillig og får oppgåvene gjort
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Må ha gode samarbeidsevner, ha positiv innstilling og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg for overlege
  • Legar får avtale om utvida arbeidstid ved deltaking i arbeid ved utepoliklinikkane
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Tett samarbeid med dei andre legane i avdelinga og erfarne sjukepleiarar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehage
  • Overlege kan få støtte til husleige med inntil kr 10.000 per månad i eit år
  • Gode oppvekstvilkår for born
  • Flott natur med fjord og fjell og svært gode tilhøve for friluftsliv
  • Førde har og eit rikt tilbod innan kultur, fritidstilbod og handelsnæring

 

Mangfaldserklæring 
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Trude Lindesteg
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 578 39 362
Navn: Ingvild Helgheim Hatten
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 39 366
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Hudavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen