Kort om arbeidsgiver

Ønsker du å jobbe på den medisinske avdelinga i Norge med den beste utsikta, dei beste kollegaene og drøssevis av fritidsmoglegheiter, i Norges vakraste fylke?

Ved medisinsk avdeling i Molde har vi ledig vikariat for Lege i spesialisering med utdanningsløp innan indremedisin. Medisinsk avdeling er ei veldifferensiert avdeling som er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, gastroenterologi, hematologi og endokrinologi.

Vi er ei hyggeleg og inkluderande medisinsk avdeling. Sjukehuset er av perfekt størrelse. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Avdelinga satsar på fagleg kvalitet, utdanning, aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Vi har til dømes internundervisning med høg kvalitet, eit av landets kanskje beste medisinske akutt team leia av LIS2/3 i vakt, tidleg og systematisk opplæring i vaktrelevante prosedyrer og bruk av håndholdt ultralyd, veldifferensierte poliklinikker med høyt faglig nivå og fokus. Penicillinallergipoliklinikk som har fått nasjonal oppmerksomheit, antibiotikateam som stadig utviklar og forbedrer arbeidet vårt, eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagsflax, is i fryseren, god humor, spreke kollegaer, og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal under bygging og utvikling.

Vi har de siste årene hatt økt fokus på utdanning, kvalitet og arbeidsmiljø. Dette medfører at vi har hatt et økt behov for både overleger og LIS. Vi er nå over 50 leger på avdelingen, og gleder oss over at vi bygger robuste fagmiljøer for fremtidens felles nye sykehus, Sykehuset Nordmøre og Romsdal. Vil du være med på laget? Lære indremedisin i et miljø hvor du har store store muligheter for faglig utvikling, personlig utvikling og kjekke dager?


Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet. Overlege i bakvakt som er heime på natt. 12-delt vaktordning for LIS2-3. Det er sett av tid i plan til rettleiing og fordjupning. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Oppstartsdato kan vurderast i samråd med aktuelle søkarar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Gjeldande vaktordning.
  • Her får du mykje ansvar, men i trygge rammer.
  • Du vil få god opplæring i akuttprosedyrer og i bruk av håndholdt ultralyd.
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk.
  • Du vil få mulighet til å rettleiie og supervisere LIS1.
  • Med bakgrunn i eigne interessefelt tilrettelegg vi så godt som mogeleg for personleg fagleg utvikling.
  • Det er gode moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss. 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Mestre norsk språk - Skriftlig og muntlig tilfredsstillande
  • Erfaring frå relevant stilling blir vektlagt
  • Utdanningsretning innan indremedisin fra før er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Ei glitrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar, og mulighet for videre spesialisering
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi tilbyr

  • Spesielt godt arbeidsmiljø og en trivelig arbeidshverdag med stort faglig fokus.
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleder (lege)
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE
Søk på stillingen