Kort om arbeidsgiver

 

Det opprettes ei ny overlegestilling ved Valdtektsmottaket i Bergen, kombinert med overlegestilling ved Skadepoliklinikken, Helse Bergen. Tilsettingsforholdet vil vere 100% i Helse Bergen.

Helse Bergen og Bergen kommune samarbeider om pasientar som treng øyeblikkelig hjelp. Ved å ha mange tenester for øyeblikkelig helsehjelp samla på éin stad, blir det enklare for pasientar og pårørande. Valdtektsmottaket blir drifta av Bergen legevakt og Helse Bergen, og tar imot pasientar frå helseføretakets opptaksområde.
I Bergen helsehus i Solheimsviken finn du både Skadepoliklinikken som er organisert under Ortopedisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus, og den allmennmedisinske legevakta (Bergen legevakt) til kommunen. 

Valdtektsmottaket blei etablert ved Bergen legevakt i 1993, og det er eit velfungerande mottak med godt innarbeidde rutinar. Vi har også tett kontakt med fagmiljøet i resten av landet. I 2021 blei 227 pasientar ivaretatt ved mottaket. Tilbodet består av medisinsk undersøking og behandling, rettsmedisinsk dokumentasjon samt medisinsk og psykososial oppfølging. Den psykososiale oppfølgingen ivaretas av ansatte ved Livskrisehjelpen ved Bergen legevakt. Det er i dag 2 overlegar i deltidsstilling ved Valdtektsmottaket som er tilgjengeleg på dagtid kvardagar. I tillegg består mottaket av koordinator samt legar og sjukepleiarar i turnus.

Overlege si rolle er rettleiing, utvikling og kvalitetssikring, mens pasientkontakten som regel ivaretas av legar i vakt og sjukepleiarar. Den nye overlegen vil i tillegg bidra med å lage rettsmedisinske legeerklæringar i samsvar med ny rettleier frå Helsedirektoratet.

Skadepoliklinikken består av Såravdeling, Bruddavdeling og Fysioterapiavdeling. Vi har årleg over 45 000 pasientkonsultasjonar.

Arbeidsoppgåver

Valdtektsmottaket

  • Utarbeide rettsmedisinske erklæringar og eventuelt delta i rettssaker
  • Bidra fagleg med undervising og opplæring
  • Vedlikehald av prosedyrar
  • Kvalitetssikring av rettsmedisinske protokollar i samarbeid med undersøkande lege
  • Tett samarbeid med dei andre overlegane og koordinator ved Valdtektsmottaket
  • Handtering av henvendingar frå media.
  • Delta i samarbeidsmøte med eksterne samarbeidspartnarar

Skadepoliklinikken:

  • Legeteneste ved brot- og såravdelinga
  • Konservativ behandling og operative inngrep
  • Rettleiing og opplæring av legane i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Ønskeleg med relevant spesialitet
  • Godkjend politiattest må kunne visast ved tilsetjing
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Relevant arbeidserfaring med akutte skadar og legevaktsarbeid 
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon, engasjement og interesse for fagfeltet
  • Du har svært god skriftleg og munnleg fremstillingsevne
  • Du er fleksibel, tilpassingsdyktig og evnar å jobbe sjølvstendig
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med pasientar og deira pårørande på ein god måte
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press
  • Du har god arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Allsidig og utviklande fagmiljø med høve til fagutvikling
  • Opplæring gis av erfarne overlegar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg, aktivt og godt arbeidsmiljø
  • Hovudsakleg dagtidsarbeid
  • Lønn etter avtale


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Torbjørn Hiis Bergh
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55568714
Navn: Njål Kleven
Tittel: Overlege
Telefon: 53031821
Navn: Anja Heimen
Tittel: Overlege
Telefon: 53031822
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Skadepoliklinikken, Helse Bergen
Solheimsgaten 9
5058 Bergen
Søk på stillingen