Kort om arbeidsgiver

Visuell og faglig spennande jobb?

Avdeling for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus har ledige stillingar for lege i spesialisering snarest eller etter avtale.                                                               

Primært lege med gjennomført LIS 1 og evt. annan erfaring. Også nyutdannede leger uten LIS-1 tjeneste oppfordres til å søke. Vi
vil i så fall legge til rette for kontinuerlig løp i vidare
spesialisering/LIS-1 tjeneste. 

Om jobb & fag:
Dei fleste syns diagnostikk er spennande. Her er ein jobb der du kan findyrke dette, i møtet mellom høgteknologi og klassisk klinikk.
Haugesund sjukehus er perfekt for oppstart spesialisering: Stort nok til å gi full faglig breddekompetanse, og lite nok til tett kollegakontakt med fortløpande supervisjon. Alle LIS har fast dag til faglig fordjuping, det er regelmessig undervising og daglig kasuistikkmøte. 

Om oppstart:                                                                                                                                                                                                                                                                                    Alle nye går gjennom 9 vekers opplæringsprogram med hovedfokus på vaktrelatert arbeid. Forvakt og bakvakt har et tett samarbeid og har samme
aktive tid hvor en deler oppgavene i samme rom. Dette gjør vaktsituasjonen
trygg og ikke minst til en god situasjon for læring og veiledning. Vaktene er
7-delt med heimevakt på passiv tid.

Om oss:
Radiologar med godt faglig renomé, og entusiastisk LIS-gruppe med godt samhold både på og etter jobb. Alle har teamarbeid i fag samt møtes i lunsjpausen, fleire også
i trening eller gaming på fritid. Arbeid i tett relasjon med dei andre
faggruppene.

Om by & land:
Haugesund er ikkje ein stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Vi har eit breitt tilbud innan kultur, idrett og friluftsliv!
God kommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo.

Om avdelinga:
I Haugesund har vi 13 laboratorier fordelt på ultralyd, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og generell røntgen
Seksjonen har SECTRA RIS/PACS og 16 overlegestillingar og 7 heimlar for lege i spesialisering i radiologi

Gode lønnsvilkår.
 

Video som LIS for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver ihht. radiologi
  • Legar utan erfaring gjennomgår ein introduksjonsperiode på ca 9 veker
  • Lege inngår i vaktordning etter endt innføringsperiode
  • Seinare gruppe 1-teneste innan Helse Vest blir planlagt ved tiltreding

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med full rekvisisjonsrett
  • Må kunne norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå klinisk arbeid vil bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Initiativrik
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Interesse for radiologifaget
  • Personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Obligatoriske kurs i samsvar med utdanningsplan

 

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Harald Nes
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: (+47) 52732279
Navn: Elin Hetland
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: (+47) 52732273
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologi Haugesund, Helse Fonna HF
Karmsundsgt 120
5504 Haugesund
Søk på stillingen