Vil DU bli vår nye kollega?
Vi har ledig fast stilling for overlege/psykiater ved sikkerhetsseksjon B psykisk helse (Molde).
Seksjonen er i oppstartsfase og vi ønsker deg med på laget for å utforme seksjonen. Seksjon for sikkerhet B skal drifte med 8 døgnplassar og tilbyr spesialisert utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med alvorlege
psykiske lidingar. Seksjonen er ein sengepost som i hovudsak skal drive med
behandling og rehabilitering av pasientar som er overført til psykisk helsevern
på dom § 5,3 og § 10,2, men også pasientar som er innlagt § 3,3 der vi vil
forhindre eit forløp der pasienten utviklar ei åtferd som vil resultere i ein dom
og der omsynet til samfunnsvernet må ivaretakast. Vi har eit tverrfagleg fokus i
møte med pasientane sine hjelpebehov. Ivaretaking av samfunnsvern blir
vesentleg av omsyn til rehabiliteringsprosessen. Behandling og rehabilitering
skjer i nært samarbeid med kommune, ambulante tenester og andre aktuelle
samarbeidspartnarar. Seksjonen vil samarbeide nært med sikkerhetsposten i Ålesund og Regional sikkerhetsavdeling ved St. Olavs og Akuttpost Hjelset. Som overlege hos oss vil du vere ein del av Regional faggruppe for sikkerhets-, retts- og fengselspsykiatri.
Seksjonen har ei overlegestilling, LIS 3, ein psykologspesialist, ein sosionom i 50 % stilling og tverrfagleg miljøpersonale i
turnus, helsesekretærar, teamkoordinator, fagkoordinator og seksjonsleiar. Seksjonens profil er i endring mot eit sikkerheitspsykiatrisk tilbod og du vil få delta i å etablere eit betre tilpassa tilbod til denne
pasientgruppa. Erfaring frå sikkerheitspsykiatri og langtidsrehabilitering er
ein fordel, men ikkje eit krav.
Vi treng ein overlege/psykiater som vil vere hos oss over lengre tid for å kunne følge lange behandlings-og rehabiliteringsprosessar og skape
eit godt og trygt miljø både for pasientar og tilsette. Som tilsett hos oss må du vere ein lagspelar. Vi arbeider tett i team med miljøtilsette. Vi har mange erfarne miljøterapeutar som gjerne deler
sin kunnskap med deg. Du blir ein fagleg «spydspiss» som kollegaer kan støtte seg til og bli rettleia av. Du vil få god rettleiing og opplæring av erfarne overlegar
som er tilsette her ved sjukehuset eller andre sikkerhetsseksjonar i regionen.
Arbeidsstad vil vere på Hjelset der det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal byggast. Som tilsett hos oss vil du delta i
vidareutviklinga av sikkerhetsseksjonen og planlegging på innhald i
psykiatritilbodet i det nye sjukehuset. Målet vårt er å gi pasientane ei god og
framtidsretta behandling og helseteneste.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og spisestadar.
Les meir om Molde og Romsdalen her: https://www.fjordnorway.com/no/destinasjoner/molde
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.