Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Klinikk for diagnostikk - Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund
Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund er plassert i Klinikk for Diagnostikk. Nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal, SNR, er planlagt opna i 2025.
Molde sjukehus har eit inkluderande og aktivt LiS-miljø, både i avdelinga og elles i sjukehuset.
Radiologisk avdeling har eit utstrekt samarbeid med kliniske avdelingar. Til saman utfører avdelinga rundt 100 000 undersøkingar kvart år, fordelt på alle modalitetar.
Avdelinga har samarbeid med St. Olavs hospital om gjennomføring av deler av spesialistutdanninga.
Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund har ledig:
- Fast stilling for lege i spesialisering frå 01.09.2022
- Vikariat for lege i spesialisering i perioden 01.09.2022 - 01.03.2024
Attestar/tenestebevis frå ev. tidligare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- Som LIS i radiologi i Molde vil du få arbeide med eit breitt utvalg av radiologiske undersøkingar
- Som fersk LIS er arbeidsoppgåvene først og fremst innan CT, ultralyd og konvensjonell røntgen, etter kvart intervensjon av ulik art, og også MR
- Avdelinga dekkjer Molde og Kristiansund, med tilstadesvakt i Molde. Det kan leggast til rette for noko arbeidstid i Kristiansund
Kvalifikasjonar
- Tidligare erfaring frå radiologi kan gi fortrinn ved tilsetting
- Gjennomført norsk LIS1, eller godkjent turnusteneste etter gammal ordning
- Du må mestre norsk, eller eit anna skandinavisk språk, både muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Som LIS i radiologi bør du ha god klinisk forståingGode evner til samarbeid.
- Vi har stor grad av samarbeid med legar i andre avdelingar, med radiografar og med andre faggrupper
- Ein bør vere lærevilleg og fagleg interessert
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår