Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ledig 4 faste stillingar for overlegar ved Nevrologisk avdeling frå 01.09.2022. Stillinga vil inngå i bakvaktsordning, for tida 17-delt bakvakt.
Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, kompleks utgreiing og rehabilitering av nevrologiske lidingar. Avdelinga har ein akuttpost med 30 senger som inneheld slageining, dagpost, rehabiliteringspost for ryggmargsskader og poliklinikk. Nevrologisk avdeling samarbeider med dei andre akuttavdelingane om mottak av akuttpasienter i felles akuttmottak. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi. Avdelinga har om lag 30 legeårsverk.
Avdelinga legg vekt på arbeid i team, der overlegar, LIS, sjukepleiarar og personell frå fleire tverrfaglege grupper kvar dag gjer sitt beste for å gje pasientane god utgreiing og behandling. Det gode samarbeidet mellom dei ulike yrkesgruppene er avgjerande for resultatet og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre arbeidsprosessane. Som overlege i avdelinga er det forventa at ein tar medansvar for å utvikle fagleg praksis og gode rutinar både i avdelinga og i føretaket, når det er aktuelt. Ein vert og ansvarleg for rettleiing og undervising av LIS.
I Nevrologisk avdeling har vi eit av landets fremste forskingsmiljø innanfor nevrologi. Avdelinga legg til rette for kombinasjon av forsking og klinisk arbeid. Avdelingssjefen er leiar for legegruppa og arbeider saman med legekollegiet for å skape eit trygt og sterkt fag- og arbeidsmiljø. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.