Kort om arbeidsgiver

Patologi er ein del av avdeling for laboratoriemedisin ved klinikk for medisinske tenester og beredskap i Helse Fonna. 

Avdelinga for laboratoriemedisin er organisert med seks einingar fordelt på fire ulike medisinske spesialitetar innan laboratoriemedisin. Patologi er lokalisert i flotte lokalar i nytt bygg på Haugesund sjukehus, med nye instrumentar og teknologi. For tida er det fem patologar, ni bioingeniørar og to sektretærar som arbeidar på patologi. 

Heile legegruppa fungerar som eit fagleg team med varierande grad av subspesialisering. For at dette skal fungere godt er det viktig med ei god forståing av heilskapeleg fagleg ansvar og evne til samarbeid.

Avdelingsoverlege er medisinsk fagleg rådgjevar og har avdelingsleiar som næraste leiar. 

Patologi er i ei svært spennande periode med utvikling innan faget. Det er innført digital patologi. Vi reknar i denne samanheng med at det vil bli økt regionalt- og nasjonalt samhandling med omsyn til utvikling av nasjonal løysing for digital patologi. 

Molekylærdiagnostikk og ny sekvenseringsteknologi i samanheng med persontilpassa medisin er planlagt og prosjektet er i gang. Avdelinga skal starte med obduksjonstenester i vårt nedslagsfelt i tillegg til å starte prosessen for å søkje godkjenning som utdanningsinstitusjon for legar i spesialisering innan patologi.

Vi ynskjer ikkje henvendingar frå rekrutteringsbyrå. 

Arbeidsoppgåver

  • Delta i alle delar av den diagnostiske verksemda ved patologi
  • Bidra til fagleg utvikling og kompetansebygging innan diagnostikk, herunder digital patologi og molejylærpatologi/persontilpassa medisin
  • Sikre at oppdaterte medisinskfaglege rutinar og prosedyrar i henhold til evidensbasert kunnskap pg beste medisinsk praksis, nasjonale og regionale retningslinjer, lovar og avtaler, er implementert i avdelinga
  • Sikre at gjennomgåande faglege standarder er definert og implementert
  • Sikre riktig diagnose- og kodepraksis og kvalitet i avdelinga
  • Bidra til opplæring av øvrige legar
  • Delta aktivt i avdelinga si interne undervisningsprogram og opplæring/rettleiing av legar i spesialisering
  • Ha medisinsk ansvar for validering/verifisering på fagfeltet
  • Bidra til ei god informasjonsflyt og fagleg interaksjon mellom andre einingar

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent spesialist i patologi
  • Brei erfaring i patologifag (både histologi og cytologi), være i stand til å ta faglege beslutningar for deg sjølv og legegruppa
  • Erfaring som overlege i patologi fra Norge, kjennskap av dokumentasjon, nasjonale standardar i patologi og kodesystem
  • Erfaring med obduksjonar i Norge er ynskjeleg
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Du samhandlar godt med andre
  • Du er ansvarsmedviten og oppteken av kvalitet og utvikling
  • Du er ein pådrivar for utvikling og forbetring
  • Å vere personleg eigna vil vektleggjast

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling
  • Lønn etter avtale
  • Konkurransedyktig pensjonsordning
  • Faglig og teknologisk utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Marius Bagdonas
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 41647859
E-post: marius.bagdonas@helse-fonna.no
Navn: Sidsel Karen Aaker
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 99101094
E-post: sidsel.karen.aaker@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Patologi, Helse Fonna HF
Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen