Kort om arbeidsgiver
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Ledig fastlegeheimel på Nordfjordeid i Stad kommune.
Stad kommune lyser ut fastlegeheimel i godt opparbeidd praksis i kommunalt drive legekontor på Nordfjordeid frå 01.08.2022.
Fastlegeheimelen har ei listelengde på 800 pasientar og inntil 7,5 timar per veke i kommunal deltidsstilling. Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og offentlege arbeidsoppgåver.
Stad kommune har to legekontor som begge er kommunalt drive. Legetenesta i Stad har tolv fastlegeheimlar.
Legekontoret nyttar Infodoc Plenario journalsystem. Det er tilsett sjukepleiarar og legesekretærar som hjelpepersonell. Eid legekontor er med i pilotprosjekt om primærhelseteam.
Eid legekontor har eit godt fagmiljø med 8 andre fastlegar og LIS1.
På Nordfjordeid ligg sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, samt døgntilbod på distriktspsykiatrisk senter og ruspost.