Barnesakkyndig kommisjon (BSK) er ein uavhengig kommisjon som har som oppgåve å kvalitetsvurdere alle sakkyndigrapportar i barnevernssaker.

Frå og med sommaren 2022 får BSK òg i oppgåve å vurdere sakkyndigrapportar i foreldretvistsaker etter barnelova. Departementet skal i samband med dette oppnemne nye kommisjonsmedlemar og ny leiar for kommisjonen. 

Om stillinga
BSK skal bidra til god fagleg standard på rapportar frå uavhengige sakkunnige. Først når ein rapport er vurdert av kommisjonen, kan den gi grunnlag for særlege tiltak etter barnevernslova eller leggjast til grunn i ein foreldretvistsak for domstolen etter barnelova.

BSK består i dag av ein kommisjonsleiar og 13 kommisjonsmedlemar. Kommisjonen skal i 2022 blir utvida med om lag 5-7 medlemar som følgje avdei nye oppgåvene. Det er positivt om nye kommisjonsmedlemar kan vurdere rapportar innan begge fagområde.

Statens sivilrettsforvaltning (SRF) utøver sekretariatsfunksjonar for kommisjonen. Kommisjonsleiaren vil kunne nytte kontorplass i lokala til SRF.

Arbeidet blir gjort elektronisk, og det blir forventa at kvart medlem handsamar rundt ein til tre rapportar per veke. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i kommisjonen er om lag to timar per rapport.  Arbeidet blir betalt per time etter gjeldande salærsatsar. For leiar vil godtgjersle bli avtalt nærmare. Medlemane skal utføre arbeidet frå der dei bur, med oppfølging frå leiaren og sekretariatet. Det vil jamleg bli halde faglege samlingar.

Arbeidsoppgåver
Leiarvervet tilsvarer  om lag 60-80 prosent av eit årsverk. Vervet kan kombinerast med andre oppgåver. For medlemar må det reknast mellom 5-10 timar arbeid i veka.  

Kommisjonsleiar og -medlemar blir oppnemnd i denne omgangen for ein periode på om lag to år, med moglegheit for å søkje på forlenging for ein ny periode på inntil fire år. Oppstart for ny leiar og nye kommisjonsmedlemar er frå august 2022.

Krav for stillinga:
Ein søkjar bør vere psykologspesialist, nevropsykolog eller psykiater med relevant spesialisering.

Ønskelege kvalifikasjonar
Kompetanse på barn og foreldre er ikkje eit krav, men ein fordel. For søkjarar til leiarstillinga vil det òg vere ein fordel med leiarerfaring, og gjerne med kjennskap til offentleg forvalting. I samansetninga av kommisjonen skal det, i tillegg til fagleg samansetning,  takast omsyn til kjønn, geografisk tilhøyrsle og etnisk bakgrunn.

Andre opplysningar
  • Vi ber om at attestar og vitnemål ligg ved søknaden
  • Vi gjer merksam på at søkjarar kan bli oppførte på offentleg søkjarliste sjølv om dei har bede om å bli handsama konfidensielt . Søkjarar vil i so fall bli varsla før offentleggjering
  • Søkjarar må opplyse om søknaden gjeld medlem eller leiar, eventuelt om det blir søkt på begge.
Har du spørsmål?
For meir informasjon om BSK , sjå nettsidene til SRF. Viss du har spørsmål, kan du kontakte  fungerande leiar Frida Gullestad Rø på telefon 408 67 455, alternativt sekretariatsleiar Johan Flem Kalheim på telefon 22 99 13 11.  Søknadsfristen er 19.05.2022.
Stillingskategori
Rådgiver
Arbeidsgiver
Barne- og familiedepartementet
Arbeidssted
Akersgata 59
0030 OSLO