Det er ledig stilling for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam poliklinikk Folgefonn DPS i Odda.
Folgefonn DPS er ein seksjon i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Folgefonn DPS har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 22 000 innbyggjarar.
Poliklinikken er fordelt på 2 lokasjonar, Odda sjukehus og Valen sjukehus. Poliklinikken har tilsatt 2 overlegar i psykiatri, lege i spesialisering, psykologspesialist, psykologar, spesialsjukepleiarar og klinisk sosionom. Det er gode samarbeidstilhøve mellom poliklinikk, ambulant eining og døgnpostar med sikte på å tilby eit heilskapleg og tverrfagleg behandlingstilbod. Poliklinikken i Odda har også Treningspoliklinikk og Ruspoliklinikk som del av det allmennspsykiatriske behandlingstilbodet.
Folgefonn DPS har idag 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med 2 stillingar for overlege i psykiatri, psykolog og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.
Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse områda:
Helse Fonna HF legg til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket.
Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning for allmennlegar.
Det er høve til å søkja stilling for ein kortare periode om det er behov for det.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.