Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
VIL DU BLI VÅR KOLLEGA: VIKARIAT FOR OVERLEGE I 50 % STILLING I MED VARIERTE OPPGÅVER OG GOD MOGLEGHEIT TIL Å PÅVIRKE EIGEN ARBEIDSKVARDAG?
Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal søker etter overlege i 50 % vikariat, med spesialisering innan allmennmedisin, psykiatri, nevrologi eller fysikalskmedisin. Dette er eit vikariat som går fram til 31.12.22, i samband med at vår overlege vil ha redusert stilling i perioden. Det ligg ikkje vaktoppgåver til stillinga og arbeidstida er frå kl. 08:00 – 16.00, med fleksitidsordning.
Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal er organisert som eigen seksjon i avdeling for sjukehuspsykiatri.
Seksjonen gir eit tilbod til vaksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Tilbodet omhandlar tverrfagleg utgreiing, behandling, rettleiing og oppfølging, samt kurs og opplæring.
Arbeidet er variert, utfordrande og spanande og du får tid til å arbeide systematisk med samansette problemstillingar.
Vi legg opp til at du, saman med vår overlege, kan knytte deg til kollegaer innan habilitering i regionen og det er gode samarbeidsforhold i helseføretaket mellom ulike spesialistar innan psykiatri, nevrologi og fysikalskmedisin.
Vi har eit godt tverrfagleg miljø, med faggruppene lege, psykolog, vernepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, barnevernspedagog, sosionom og spesialpedagog. Alle tilsette har relevant vidareutdanning eller spesialisering. Arbeidsforma er både poliklinisk og ambulant, tilpassa pasienten sine behov.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene for lege vil vere medisinsk vurdering, utgreiing og diagnostikk samt medisinsk oppfølging av pasientar med blant anna nevropsykiatriske, nevromuskulære, nevromotoriske og genetiske tilstandar
- Arbeidet foregår i tverrfaglege team
- Lege vil også ha ein rådgjevande funksjon knytta til medisinskfaglege problemstillingar til pasientar, pårørande og primærhelsetenesta
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter lege med relevant spesialisering
- Vi forutset at søkjar meistrar norsk/skandinavisk språk, både skriftlig og munnleg
- Må ha førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Evne til sjølvstendig planlegging og gjennomføring av arbeidet
- Gode evner til samarbeid i eit tverrfagleg miljø
Vi tilbyr
- Eit godt, stabilt og tverrfagleg arbeidsmiljø.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Kompetanseutvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår